Førde er cupmeistrar i volleyball

OSLO (NRK): Førde Volleyballklubb sitt damelag har slått Randaberg i Ekeberghallen i Oslo, og dermed cupmeistrar i volleyball for andre år på rad.

Førde volleyball sitt damelag vann cupfinalen

MEISTRAR: Etter å vunne mot Randaberg for tredje gong denne sesongen, er Førde cupmeistrar.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Det var ei heilt vill oppleving. Eg tykte begge laga var gode, men det er ein utruleg god lagsiger for vår del, seier Renate Bjerland.

Det er tredje gong i år at damelaget til Førde slår Randaberg. Førde var i leiinga i heile det fjerde settet, og med stillinga 25–21 tok dei til slutt ein overbevisande siger mot rogalendingane i cupfinalen.

Førde tok første sett 25-15, medan rogalendingane utlikna ved å vinne 25–18 i andre sett. I tredje sett viste sunnfjordingane igjen seg som det sterkaste laget og vann 25–19.

– Det er heilt rått. Vi har jobba så sjukt hardt for å få dette til. Vi har trent kvar einaste dag, og vi har gitt alt for å vere klare til denne helga, seier Bjerland.

Førde volleyball

BRA OPPMØTE: Mange førdianarar hadde teke turen til Ekeberghallen i Oslo for å heie fram Førdedamene.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Det svinga veldig opp og ned

Sjølv om Førde vann tre av fire sett med grei margin, er førdespelarane samde om at det var ein jamn kamp.

– Det svinga veldig mykje opp og ned gjennom kampen. Begge laga hadde gode og svake periodar, men det var kanskje samspelet og rutinen vår som gjorde at vi klarte å køyre løpet ut, seier Marianne Steen Knudsen på Førde-laget.

Ho fortel at ho ikkje slo seg til ro med siger før den siste ballen var i bakken.

– Sjølv om vi leda med fleire poeng mot slutten, så var det ein heilt enorm lette hos spelarane då vi endeleg kunne konstatere at vi hadde vunne, seier ho.

Førde Volleyball damelag i cupfinalen

JAMN KAMP: Det var ein jamn kamp mellom Førde og Randaberg, men Førde stakk av med sigeren.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

Andre år på rad med cupsiger

Det er andre året på rad at Førde Volleyballklubb sine damer vinn cupfinalen, og klokka 1630 laurdag skal også herrelaget spele cupfinale. Om dei vinn vil det i så fall vere første gong at Førde vinn cupen samstundes med begge laga sine.

For damene sin del blir det no feiring av sigeren i Oslo.

– Vi skal ikkje ta det heilt ut, men no blir det nok feiring ja, seier Renate Bjerland.