Førde eitt steg nærare å berge plassen

(HAM KAM - FØRDE 1-3) Etter sigeren mot Ham Kam i dag ser framtida i andre divisjon litt lysare ut for Førde, men dramatikken er ikkje over heilt enno.

Førde jublar for scoring i 2. divisjon fotball

JUBLAR: Førde kan gle seg over dagens viktige siger, men dei har framleis ein jobb å gjere fram mot siste kamp for sesongen. Arkivfoto.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde vann 3–1 på bortebane, eit heilt avgjerande resultat for at laget skal behalde plassen sin i divisjonen. Dei ligg no like over den raude streken med tre poeng ned til Aalesund 2 etter at også dei vann sin kamp laurdag, mot Træff.

– Det er fantastisk å vinne. Det var ein nøkkelkamp og når vi greier å ta alle tre poenga så er det framleis opp til oss sjølv i neste kamp mot Kongsvinger heime. Då treng vi eitt poeng for å behalde plassen, seier Thor Jørgen Spurkeland, som sørga for 2–0 rett før pause.

– Får som fortent

Thor Jørgen Spurkeland

HAR TRUA: Thor Jørgen Spurkeland trur Førde blir verande i 2. divisjon.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trass dagens siger er marginane knappe. Vinn Aalesund 2 neste kamp med eitt mål og Førde tapar med eitt mål, rykkjer Førde ned på målforskjell.

Spurkeland meiner dagens siger var fullt fortent.

– Vi viser ein enorm moral og innsats alle mann alle, og då får vi som fortent.

Men likevel vedgår han at Førde-laget var litt heldige også.

– Vi hadde ein del store sjansar, men samstundes så var vi farlege. Vi skapte ein del på overgangar og kontringar og vi scora på gunstige tidspunkt der vi var under press.

Banka inn scoring med feil fot

Spelaren frå Knarvik er ekstra godt nøgd med sitt eige mål, som han klarte å dunke inn i nettet - med feil fot.

– Det var ekstra stas. Eg har scora så mange gonger før i den posisjonen, så det er ikkje noko å tenke på, det er berre å klinke til.

Tor Are Dvergsdal med ballen

FRISPARKPERLE: Tor Are Dvergsdal får ros frå lagkameraten.

Foto: Rune Fossum / NRK

I midten av andre omgang reduserte Ham Kam-spelarane Førde si leiing til 2–1. Då var det godt å sikre seg eit frispark på slutten. Frå 22 meter sette Tor Arne Dvergsdal ballen der den skulle.

– Det var ikkje tvil om at han skulle ta det. Eg hadde ein god magekjensle og den sat heldigvis, seier Spurkeland.

Erlend Moen Taule scora det første målet for Førde.

– Kongsvinger skal få det tøft

Saman med resten av laget tenker han ikkje så mykje over at det er eit hav av poeng mellom dei to laga Førde og Aalesund 2 skal møte i neste og siste runde. Medan Førde får besøk av serieleiar Kongsvinger, møter Aalesund 2 Rødde som ligg nest nedst på tabellen.

– Eg tenker at Kongsvinger har ingenting å spele for. Det er jo sjølvsagt eit kjempegodt lag, og vi må berre gjere jobben og ha den same innstillinga som vi har vist dei siste kampane. Kongsvinger skal få det veldig tøft i Førde, seier Spurkeland.

– Har du trua?

– Absolutt, eg trur vi greier det.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.