Forbyr rutilprodukt i maten

Det norske Mattilsynet sit roleg i båten etter at Frankrike no forbyr tilsettingsstoffet titandioksid. Det melder ABC Nyheter. Stoffet, som Noreg er storprodusent av og som Nordic Mining vil vinne ut i Engebøfjellet i Naustdal, blir nytta i både mat og solkrem. Til grunn for forbodet ligg ein studie gjort av det franske instituttet for landbruksforsking, som viser at at stoffet er kreftframkallande. EU er usamde i forbodet, men har tilrådd ein ny studie som er venta ferdig i slutten av juli.