Hopp til innhold

Tar ingen sjansar - legg ned totalforbod mot gravlykter med levande lys i Lærdal

Brannsjefen i Lærdal legg ned totalforbod mot levande lys i gravlyktene. – Vi tar ingen sjansar, seier informasjonsansvarleg i kriseleiinga, Odd Helge Brugrand etter storbrannen sist helg.

Lystenning

FORBOD MOT LEVANDE FLAMMAR I GRAVLYKTER: I Lærdal blir det på ubestemt tid berre lov å ha batteridrivne lys i gravlyktene. Kommunen tar ingen sjansar når det gjeld branntryggleik (illustrasjonsbilete).

Foto: Line Oftedal Pedersen / NRK

Lærdal kommune tar ingen sjansar. Med storbrannen for ei veke sidan friskt i minne, har brannsjefen i kommunen lagt ned totalforbod mot gravlykter med open eld på alle kyrkjegardane i Lærdal.

Informasjonsansvarleg i kriseleiinga i Lærdal, Odd Helge Brugrand, seier dette er eit strakstiltak for å førebygge.

Tar ingen sjansar

– Forbodet gjeld alle tre dei tre offisielle gravplassane i kommunen. Vi ønskjer ikkje å ta nokon sjansar når det gjeld å førebygge brann, seier han.

Førre laurdag fekk alarmsentralen like før klokka 23 om melding om brann i eit bustadhus. På grunn av kraftig vind spreidde brannen seg raskt og 17 hus brann ned til grunnen. 681 personar vart evakuerte av politiet, og rundt 100 fekk behandling for røykskader.

Det er framleis sterk vind og tørr bakke, noko som aukar fare for brann. Berre på eit døgn haddde fylket fem brannar.

Informasjonsansvarleg i kriseleiinga seier kommunen vil gå gjennom alle rutiner for å sjå på tiltak for å auke tryggleiken, og at dette forbodet mot open eld i gravlyktene er eit akutt tryggingstiltak.

– Eg veit det er blitt snakka om at det er levande flammar i lyktene. Det er ei uro for enkelte folk. Difor gjer vi dette.

Ordføraren sløkte gravlys

Brugrand og ordføraren var difor ikkje snauare enn at dei seint fredag kveld køyrde til Hauge kyrkje og sløkte fem gravlykter som brann. Batteridrivne gravlykter er ikkje forbod mot.

– Så viss nokon reagerer på at det er sløkt så er det vi som har vore der, seier Brugrand.

Han seier dette er eit signal om at kommunen må tenkje nytt når det gjeld branntiltak.

– Dette kan bli ein del av ein ny strategi. Vi skal uansett gå gjennom alle planane våre og gjere tiltak.

Til noko anna vert meldt frå om vil forbodet mot levande flammar på gravplassane gjelde. I Lærdal er det tre offentlege gravplassar.