Hopp til innhold

Forbundet støttar Sørland

Nils Anders Sørland sa opp grunna det han meiner er ein trakasserande leiarkultur i Helse Førde. Sjukepleiarforbundet seier fleire har opplevd det same.

Oddgeir Lunde

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Oddgeir Lunde forstår Sørland si avgjerd om å seie opp stillinga si i Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er etter fleire år med det han opplever som vanskelege arbeidsforhold, trakassering og dårleg dialog at Sørland no vel å slutte i helseføretaket.

Sjukepleiarforbundet støttar Sørland

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Oddgeir Lunde forstår Sørland si avgjerd.

- Leiarstilen som vert skildra av Sørland er ikkje foreineleg med å byggje ein utviklande organisasjon, seier Lunde.

Meiner leiarkulturen i Helse Førde er trakasserande

Etter å ha arbeidd i helsesevesenet sidan 80-talet vel operasjonssjukepleiar Nils Anders Sørland å slutte på grunn av det han kallar ein trakasserande leiarkultur i Helse Førde.

LES OG; Orkar ikkje meir av Jon Bolstad

Sørland vart etter eit negativt avisoppslag om Helse Førde kalla inn til møte med administrerande direktør Jon Bolstad.

- Møtet vart ei tøff oppleving. Eg trudde eg var robust, men ved eit par høve sa Bolstad at eg hadde vore utan jobb om eg hadde svara annleis, seier Sørland som seier det under heile møtet låg ein liten trussel og usikkerheit om utfallet.

Etter møtet vart Sørland sjukemeldt. No vel han å seie opp.

- Ein del av jobben, svarar adm. dir

Administrerande direktør Jon Bolstad ville i dag tidleg ikkje kommentere kritikken frå Sørland anna enn at han seier det er ein del av jobben hans å vurdere og å fatte vedtak i vanskelege personalsaker.

Bolstad seier Helse Førde har eigne organ for konlikthandtering, og at desse vart brukt og fulgt i saka med Sørland.

- Fleire har opplevd det same

Lunde er ikkje overraska over det Sørland fortel. Han har fleire eksempel på saker der tilsette er blitt trakasserte og dårleg behandla av Helse Førde.

- Det har sin bakgrunn i dei sakene vi har fått meldt inn dei åra Jon Bolstad har vore administrerande direktør. Det er fleire saker, seier Lunde.

- Det inntrykket Sørland skildrar av Jon Bolstad, er det eit inntrykk også sjukepleiarforbundet sit med?

- Det gjer vi ja, seier Lunde.