NRK Meny
Normal

Forbundet satsar på golftalentet (14)

Jakob Stavang Stubhaug (14) er ein av dei yngste utøvarane til Norges Golfforbund sitt nye talentutviklingsprosjekt.

Jakob Stavang Stubhaug

TALENT: Jakob Stavang Stubhaug frå Florø peika seg tidleg ut som golftalent, og har lagt ned eit stort tal timar hos Sunnfjord Golfklubb på Vassenden. No representerer han Ålesund GK, der tidlegare leiar ved Sunnfjord Golfklubb, Donovan Goosen, er hovudtrenar.

Foto: Privat

Den unge florøværingen er ein av 14 utøvarar fødde mellom 2000 og 2003 i forbundet si nye satsing for året. Det var Norsk Golf som først melde om talentutviklingsprosjektet.

Målet er at golftalenta på sikt skal bli internasjonale juniorspelarar.

Hevda seg tidleg

Golfaren frå Florø har i mange år stått fram som eit stort golftalent og tok allereie som fireåring grønt kort. 12-år gamal vart han fylkesmeister i 2015. Då fekk han også sin første landskamp.

I fjor vann han si første turnering på Titleist Tour. Det er denne turneringa som utgjer hovudtyngda for uttaket. Det fortel Morten Hagen, ansvarleg for satsinga i NGF.

– Han er heilt klart av dei beste 2002-spelarane vi har i Norge, og gjorde ein veldig god figur under landskampen mot Sverige og Danmark i fjor, seier han.

Tettare oppfølging

Hagen seier at utøvarane gjennom talentgruppa skal få hjelp til å nå potensialet sitt. Dei som held fram utviklinga vil på sikt aspirere for Team Norway Junior, som er satsinga for dei aller beste eliteutøvarane under 18 år.

Det blir med andre ord ein ny kvardag for florøværingen som er under vengene til golfpro, og tidlegare leiar ved Sunnfjord Golfklubb, Donovan Goosen i Ålesund Golfklubb.

– Jakob vil bli følgd tett opp, både frå meg, juniorlandslagstrenar Niklas Diethelm og hans eigen trenar, seier Hagen.

Ei utfordring

– Uttekne spelarar får også høve til å vere med på fleire grassamlingar gjennom vinterhalvåret, og moglegheit til å delta på fleire internasjonale turneringar om dei held nivået, legg han til.

Sjølv om utøvarane er gode i høve alderen sin, vil det framleis krevje mykje for å nå eit internasjonalt nivå. For norske golfarar har ei stor utfordring: vinter.

– I land der utøvarane kan spele på gras heile året, trenar dei gjerne 1.800 timar i året for å bli ein topp internasjonal utøvar. Norske landslagsspelarar trenar generelt veldig bra, men spelarane bak har for få treningstimar, seier han.

Ny Bjørnstad

– Det kan fort vere snakk om halvparten. Når ein norsk utøvar brukar to år på det andre brukar eitt år på, så hamnar ein fort bakpå, seier han.

På endå lenger sikt, håpar Hagen at norsk golfsport kan få ein ny Henrik Bjørnstad, som er den første og siste nordmannen som har spelt på GPA-touren.

– Det håpar vi, og apparatet rundt utøvarane har aldri vore betre enn dei er no. Men det er opp til spelarane. Vi kan berre pushe. Det er spelarane som må gjere jobben, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.