Hopp til innhold

Forbrukarrådet: klag og be verkstaden betale

– Dersom du får utlegg på grunn av at verkstaden har slurva med å melde frå om EU-kontroll på bilen din, så ta vare på kvitteringane og be dei dekke utgiftene.

Kristian Andre Sæbø og Geir Leon Hetle

VERKSTADAR SVIKTAR: Utekontrollørar på Vestlandet har stogga fleire bilar som manglar EU-godkjenning, sjølv om bilen har vore innom verkstad. Overingeniør Kristian Andre Sæbø og inspektør Geir Leon Hetle i diskusjon under ein kontroll.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

NRK melde torsdag at bileigarar risikerer å få bilen avskilta på grunn av slurvefeil hjå verkstadane.

Det er eit problem at verkstadane gløymer å melde frå til vegvesenet at dei har teke EU-kontrollen på bilen din.

Vegvesenet har hissa seg opp over dette, og vurderer å nekte verstingane å utføre EU-kontrollar.

Ikkje skadelidande

Men også Forbrukarrådet er klar i talen.

Ann Hege Skogly

KLAGE: Kommunikasjonsrådgjevar Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen / Forbrukerrådet

– Dersom vegvesenet har klippa skilta og du blir ståande fordi verkstaden ikkje har meldt ifrå om at du har hatt bilen til EU-kontroll, så kan du klaga til verkstaden og sende dei kvitteringar på utgiftene som følge av svikten, seier Anne Hege Skogly.

Forbrukarrådet seier at du ikkje skal bli økonomisk skadelidande dersom verkstaden gjer ein slik feil.

– Du kan krevje å få betalt tilbake nødvendige utgifter, som til dømes drosje og leigebil. Men hugs å ta vare på kvitteringane, slik at du har noko å vise fram, seier kommunikasjonsrådgjevaren.

Lovverket

– Kjenner Forbrukarrådet til tilfelle der verkstadar har erstatta slike kostnadar?

– Eg kjenner ikkje til akkurat desse tilfella, for det er ein ny problemstilling. Men det er slik at du betaler for ei teneste når du er på EU-kontroll.

– Og i kontrollen ligg det at verkstaden skal melde frå til vegvesenet. Gjer dei ikkje det, har du ikkje fått det du har betalt for.

Skogly seier forbrukarane kan vise til lovverket.

– Det er lova om handverkartenester som gjeld når du har hatt bilen din på verkstad. Du har betalt for ei teneste. Og når den er til EU-kontroll så høyrer det med at kontrollen skal meldast. Og at du som bileigar har gjort det du skal, og at bilen er i orden, seier Skogly.