Hopp til innhold

Forbrukarrådet støttar bøtelagde passasjerar

– Dersom reisande har problem med å finne tak i billettørar, er det ikkje rimeleg at dei blir bøtelagde, seier Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet.

MF Ampere ved kai i Oppedal

MÅ BRUKE SKJØN: Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet meiner Norled bør bruke skjøn når dei handsamar klager frå passasjerar som føler dei har fått urettvise bøter.

Foto: Rune Fossum / NRK

Pia Kleppe Marken

BØR BRUKE SKJØN: Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet meiner Norled må bruke skjøn i tilfelle der passasjerane føler dei har gjort eit ærleg forsøk på å gjere opp for seg.

Foto: Kjell Håkon Larsen / Forbrukerrådet

Fleire passasjerar har reagert på det dei meiner er urimelege bøter, etter at Securitas i helga gjennomførte kontroll på ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Pia Kleppe Marken, regiondirektør i Forbrukarrådet, seier dei reisande sjølve har ansvar for å ha gyldig billett, men:

– Det føresett at kunden får god informasjon om korleis dei kjøper billett og det er enkelt å få til. Viss det til dømes er ein billettautomat som ikkje verkar eller billettøren ikkje er til stades i billettluka, så må det bli teke omsyn til, seier ho.

Vanskeleg å finne billettøren

Per Svein Reed reiser ofte med ferje og har stort sett vore nøgd med dei tilsette på sambanda rundt om i fylket. Men i helga opplevde han noko som fekk han til å reagere. Etter ein snartur på toalettet byrja leitinga etter billettøren, noko som skulle vise seg å vere enklare sagt enn gjort.

– Først når vi var nesten heilt framme kom billettøren og lurte på kvifor i alle dagar eg ikkje hadde løyst billett. Han var mildt sagt potte sur og uhøfleg. Vanlegvis reagerer eg ikkje så mykje på slike ting, men dette var ikkje kundevenleg i det heile tatt, fortel Reed.

Han var heldig og slapp unna. Men han skjøner godt dei som er sinte over å betale fleire tusen kroner i bot der som dei har prøvd å betale.

Forbrukarrådet seier Norled formelt sett har alt på det tørre. Etter forskrifta må du ut med bot, dersom du ikkje kan framvise billett når det er kontroll.

– Slik sett kan Norled faktisk ha ein kontrollør praktisk tala ved inngangsdøra, men det blir heilt urimeleg dersom kunden ikkje har hatt høve til å kjøpe billett, seier Kleppe Marken.

Ulike oppfatningar av det som har skjedd

Inge André Utåker i Norled seier dei vil vurdere om dei kan gjere billetteringa enklare for passasjerane. Men at dei treng tid før dei kan konkludere.

Inge Utåker, Norled

VIL SJÅ PÅ SAKA: Inge André Utåker i Norled seier mannskapa fortel ei anna historie enn dei som har kome fram i media.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Nokre av sakene vi har fått høyre via media har vi undersøkt med ferjemannskapet. Det er ikkje den same situasjonen som blir beskrive frå begge sider, seier han.

Også han oppmodar misnøgde passasjerar om å klage, dersom dei ikkje er einige i bota. Forbrukarrådet si oppmoding om å bruke skjøn tek han ikkje utan atterhald.

– Viss kontrollen skjedde før ein hadde ein rimeleg sjanse til å kjøpe billett på vanleg vis, så skal vi sjå på det førelegget som er gitt, seier Utåker.