Av Ragnhild Eikenes og Kjell Arvid Stølen
Hundeeigar Lillan Petlund er opprørd. Foto: Ragnhild Eikenes, NRK
- Dette kan ikkje vere mogleg, seier hundeeigar Lillan Petlund. Ho er nyinnflytta hundeeigar i Jølster, og ho er blant dei som har motteke naboklager. Og det er nettopp på bakgrunn av slike klager kommunen har valt å gå hardt til verks. - Dersom det er folk som har eit hundehald som er til sjenanse for andre, så får kommunen gå på dei og ikkje skjere alle over ein kam, seier Petlund.
Berre ein hund i byggjefelt
I forslaget dei no har sendt ut på høyring, blir det forbode å ha meir enn ein hund dersom ein bur i byggjefelt. For dei som bur meir grisgrendt går grensa ved to vaksne hundar. - Korleis skal vi kunne velje blant hundane våre kven av dei vi skal behalde? Dette er familiemedlemmene våre, seier Lillan Petlund. Skal eg seie til sonen min at ein av hundane må gå, min eller din? Det går ikkje, seier ho.
Bandtvang i eigen hage?
Kommunen krev at hundeeigarane til ei kvar tid skal ha kontroll på hundane sine. Det vil i mange tilfelle bety bandtvang også i eigen hage. - Det å ha eit dyr innesperra på denne måten heile tida er dyremishandling, seier Lillan Petlund.
- Naudsynte forskrifter
Rådmann Jostein By i Jølster meiner dei nye hundeforskriftene er naudsynte. Han vedgår at reglementet er sett opp fordi kommunen har fått mange klager på hundehald, men han synest ikkje kommunen har handla overilt.
Vigdis Kjøsnes med ein av hundane sine. Foto: Ragnhild Eikenes, NRK
- Ikkje jølstring lenger
- Går desse forskriftene gjennom, er eg ikkje jølstring lenger. Då er ikkje Jølser nokon plass å vere lenger om du skal bli så uglesett fordi du har dyr. Eg flytter på dagen, eg vil ikkje velje bort ein av mine hundar, seier ho.
Tilbakeverkande kraft
Når det gjeld avgrensinga i talet på hundar som er lov å halde, meiner rådmannen reglane må ha tilbakeverkande kraft. Det betyr at dei som har fleire hundar når reglane trer i kraft, ikkje får dispensasjon. Men han vil gi hundeeigarane tid til å områ seg.
Lite rom for dispensasjon
Høyringsfristen for det nye regelverket er 1. desember, og deretter skal det behandlast av politikarane. Men blir hundeforskriftene vedtekne blir det lite rom for dispensasjon.