NRK Meny
Normal

Bålforbodet gjeld frå i dag, men regelverket er mjukna opp

Frå laurdag er det igjen bålforbod i Norge. Men i fjor blei reglane mjukna opp og leiaren ved Alarmsentralen er ikkje bekymra for tørt gras med det første.

Bål i skogen

LOV Å GRILLE: Bål i skogen er lov, når det er sikkert at det ikkje kan gjere skade.

Foto: Igor Tratkowski / NRK

Terje Brandsøy Alarmsentralen

SUNN FORNUFT: Terje Brandsøy hos Alarmsentralen i Sogn og Fjordane sett pris på at folk er varsame når dei tenner bål eller grillar i skogen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det var sludd då eg vakna i dag, så eg trur det er ganske vått og ikkje så stor fare akkurat no, seier Terje Brandsøy som er leiar i Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Mellom 15. april og 15. september har det i mange år vore forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, utan løyve frå kommunen.

I fjor blei forbodet mjukna opp, så no er det lov å gjere opp eld der det heilt klart ikkje kan medføre brann.

Lov med kaffibål

– Det er mogleg å fyre opp eit lite bål for kaffi eller pølser, men då må ein vere veldig aktsam. Gjere det på ein plass som er trygg og vere heilt sikker på at det er sløkt før ein forlèt bålet, seier Brandsøy.

Det har vore vått i fylket den siste tida, så det er ikkje stor bekymring for at bål skal bli til brann. Likevel peikar Brandsøy på at det ikkje skal mykje til før det blir mindre trygt.

– Er det vått og rått i marka er det ikkje fare for å lage seg eit bål, men når sola kjem skal det ikkje mange dagar til før det blir tørt og fare for brann. Så ein må bruke skjønn og sunn fornuft.

Toast på bål

BÅLKOS: Skal du grille i påskeferien er det viktig å tenke seg godt om før du fyrer opp.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ansvar for sikkerheit

Norsk brannvernforeining meiner det er viktig at folk respekterer forbodet. I ei pressemelding peikar dei på at omgrepet «gjere opp eld» omfattar meir enn berre bålbrenning. Mellom anna eingongsgrill og handtering av brannfarleg avfall.

Dersom eit bål eller ein grill startar ein brann, kan ein i verste fall bli meldt til politiet.

– Uansett om det berre er eit lite bål, er det viktig å hugse at ein har eit ansvar. Så det er viktig å tenke seg godt om før ein fyrer opp og vere heilt sikker på at det er sløkt før ein forlèt bålet, seier Brandsøy.

Vegopning på Bergum i Førde kommune