Hopp til innhold

Forbipasserande hindra det som kunne blitt storbrann

Snarrådige forbipasserande hindra laurdag kveld det som kunne blitt ein storbrann på Kvamsøy i Balestrand.

Her har eingongsgrill starta brann

FULL FYR: Her er det full fyr etter at nokon truleg har kasta ein varm eingongsgrill i bossbøtta.

Foto: Olav Giskeødegaard

Ved kring 19.30-tida gjekk Olav Giskeødegaard og kona tur i friområdet ved Kvamsøy. Då oppdaga dei plutseleg at det var full fyr i graset der det pleier å stå eit bosspann av tre.

– Til alt hell var det vindstille slik at brannen ikkje spreidde seg så fort, seier Giskeødegaard.

Han sprang bort til ein bubil som stod ikkje så langt der ifrå, og fekk tak i bøtter og saman klarte dei å sløkke brannen. Samstundes varsla kona alarmsentralen slik mannskap frå det lokale brannvesenet også rykte ut.

– Vi klarte å sløkke brannen sjølve før dei kom til staden, seier Giskeødegaard.

I heile Sør-Norge er det no stor brannfare, men mange bryr seg ikkje om grillforbodet. I Oslo er 110-sentralen oppgitte over at dei må rykke ut på kryss og tvers for å sløkke grillar.

Laster Twitter-innhold

Eingongsgrill

I restane av det som ein gong har vore eit bosspann av tre i Balestrand fann dei også restane av ein eingongsgrill. Giskeødegaard. er ikkje i tvil om at det er den som har forårsaka brannen.

– I glørne der så låg det restar etter ein eingongsgrill. Så eg trur rett og slett at det er noko som har kasta eingongsgrillen i bossbøtta og reist, seier Giskeødegaard.

Eingongsgrill starta brann

BRANN: I oska etter brannen kan ein sjå restane av ein eingongsgrill.

Foto: Olav Giskeødegaard

Ikkje overraska

Ved alarmsentralen i Florø er ikkje Siv Sørstrand overraska over at nokon har latt seg freiste til å grille i sommarvarmen trass i at det denne veka er innført totalforbod mot både bål og eingongsgrillar.

– Det er alltid nokon som ikkje får det med seg. Kanskje tenker dei også at dei er forsiktige, men i det turre vêret vi har no så skal det ingen ting til. Kombinert med litt trekk så er det svært farleg, seier Sørstrand.

Laurdag kveld gjekk det heldigvis bra. Giskeødegaard vil helst ikkje tenke på kva som kunne ha skjedd dersom ikkje han og kona hadde oppdaga brannen i tide.

– Her er masser av nyslått gras som er turt. Like i nærleiken ligg både sagbruk og trelastlager. Akkurat no bør folk la eingongsgrillen ligge igjen heime og heller ta med seg varme pølser på termos, seier Giskeødegaard.