Hopp til innhold

Førarkort på helsa laus

FØRDE (NRK): Etter strengare krav til å køyre bil, har fleire med angst og depresjon trappa ned medisinane sine for å behalde førarkortet. Mange er no tvungne til å velje mellom førarkort og helse.

Psykiatrisk avdeling i Førde

INNLEGGING: Pasientar som ikkje klarar å trappe ned på medisinar med fastlegen sin, kan liggje på sengepost eller kome til samtaleterapi.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Etter at førarkortreglane blei stramma inn første oktober, er det nok mange som kjem til å måtte la bilen stå, seier Tor Christopher Fink.

Han er overlege ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde og har den siste tida merka at fleire pasientar kjem til dei med eitt einaste mål for auge – å slutte på medisinar for at dei skal få lov å køyre bil.

– Mange er heilt avhengige av å ha bil og å kunne køyre bil i kvardagen, difor er dei nøydd å finne ei løysing for å anten trappe ned eller slutte på vanedannande medisinar, seier han.

Synest det er urettferdig og forstår at venene lyg

I mange år har Anniken Gjørøy (20) vore open om sine psykiske utfordringar og om å ha anoreksi. Sjølv har ho vald å ikkje bruke medisinar men har mange vener som har vald annleis. Ho forstår godt at dei er uærlege.

UÆRLEG.

UÆRLEG: Anniken Gjørøy har sjølv slite med problem knytt til psykisk helse og seier ho ville unngått å fortelje sanninga til legen.

Foto: Privat

– Fleire av venene mine går på medisinar dei er heilt avhengige av for å fungere normalt og ha det bra i kvardagen, då er det merkeleg at dei no blir sett i ein situasjon der dei må velje mellom bil og helse, seier ho.

Ho opplever at fleire ikkje tør å seie sanninga til legen sin og forstår dei godt.

– Om ein går på medisinar som får ein til å kjenne seg friskare er det urettferdig at ein skal måtte slutte på dei for å køyre bil, seier ho.

Folk veit best sjølve om dei er skikka til å køyre bil når dei går på medisinar. Det er fullstendig individuelt.

Anniken Gjørøy

Om ho sjølv skulle tatt førarkortet og brukt medisinar er ho ikkje i tvil om kva ho ville gjort.

– Eg veit best korleis forma mi er og om eg kjenner meg skikka nok til å sitje bak rattet. Anten med eller utan medisinar. Eg hadde ikkje hatt noko problem med å lyge til legen sjølv for å kunne halde fram med å køyre bil. Det er altfor strenge reglar og eg er ikkje åleine om å synest det, avsluttar ho.

Brukar større dose enn maksgrensa

Overlege Tor Christopher Fink seier det finst pasientar som er glade for å ha ein motivasjon for å trappe ned på medisinar, men at dette rammar dei som går på medisinar dei har blitt avhengige av. Dette gjeld for eksempel medisingruppa benzodiazepinar som er roande og angstdempande.

Medisinar som til dømes valium og sobril er meint for kortvarig bruk. Men om ein brukar medisinane over tid, kan ein bli avhengig og fleire aukar dosen. Det skal ikkje så lenge til før kroppen venner seg til medisinen og då er resultatet at mange brukar mykje større dosar enn det som er maksgrensa for å kunne køyre bil, fortel Fink.

Tor Christopher Fink

VIL KØYRE: Overlege Tor Christopher Fink har ofte pasientar innom som ynskjer å slutte med medisinar for å kunne køyre.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Dei som ikkje klarar å trappe ned på medisinar hjå fastlegen sin kan kome hit og få hjelp både på sengepost og med samtaleterapi. Mange er heilt avhengige av å ha bil og difor er dei nøydd å finne ei løysing, seier han.

At det er strenge krav til kor mykje medisinar ein kan bruke for å kunne vere sjåfør er ikkje noko nytt. Det er helsekrava som skal vurderast av legen som er nye.

– Det er mykje meir ansvar på fastlegen no enn det har vore. No må legen stelle seg ganske firkanta til dei grensene som er sett av myndigheitene, fortel Fink.

Vanedannende medisiner

HARDT RAMMA: Personar som går på vanedannande medisinar kan bli hardt ramma av dei nye innstrammingane.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Lyg heller enn å vere ærleg

NRK har snakka med fleire personar som brukar ein eller fleire medisinar som kan ta frå dei førarkortet.

Kvinne, 28:

Eg fekk ein ny fastlege fordi eg flytta heimanfrå. Eg hadde hatt angst og kraftige angstanfall frå eg var lita, men hadde aldri fått medisin for det. Kvardagen var og er ofte uuthaldeleg og når eg skulle tar førarkortet laug eg til legen min. Då eg fylte ut helseattesten, lata eg som eg var frisk så eg skulle få lov å ta lappen, og det fekk eg.

Mann, 51:

Det er stigmatiserande at folk med psykiske lidingar må søkje om dispensasjon. Eg føler at vi med forskjellige diagnosar og medisinering skal skjerast over ein kam. Kva med alle dei trafikkbøllene og råkøyrarane som berre kan betale ei bot for så å køyre vidare utan å søkje om dispensasjon? Men om ein person er psykisk sjuk, men aldri har vore involvert i ei ulykke i heile sitt liv, må han eller ho likevel bli behandla som ei trafikkfare?

Kvinne, 35:

Eg veit at mange unngår å gi opp at dei går på medisinar. Eg vurderte det lenge sjølv, men valde å vere ærleg, då eg fylde ut helseattesten fordi eg rett og slett var usikker på om eg var skikka til å sitje bak rattet. Då fastlegen såg svara mine, sa han rett ut at eg ikkje kunne ta førarkortet fordi eg brukte sobril og er psykisk sjuk. Han ville ikkje søkje om dispensasjon for meg heller

Mann, 22:

Det er mykje stigma knytt til psykiske lidingar. Om det ikkje var vanskeleg nok frå før å gå til legen sin for å fortelje at ein er sjuk er det endå vanskelegare no. Eg har sjølv vore uærleg med legane eg har hatt. Eg har på ein måte valet mellom å vere dritdeppa og i konstant sorg eller å køyre bil. Ein kan seie det slik at eg har vald deppinga. Då får eg i alle fall køyrt til venene mine og vore saman med dei. Eg bur ein stad der eg er avhengig av å kunne køyre sjølv, så å slutte å køyre bil var aldri eit alternativ.

Vil unngå sløve personar på vegane

Sigfred Sivertsen

TRYGGE VEGAR: Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Sigfred Sivertsen, vil ha tryggare vegar.

Foto: Privat

Sigfred Sivertsen er seksjonsleiar i Statens vegvesen og presiserer at det er gode grunnar for dei nye helsekrava.

– Dette er eit tiltak for å forbetre trafikksikkerheita og vi håpar at det skal vere tryggare å køyre på vegane no etter at innstrammingane kom, fortel Sivertsen.

Han legg til at tiltaket skal vere eit forsøk på å sørge for at dei som er ute på vegane er skikka til å køyre.

God helse er eit krav for å vere skikka til å køyre på vegane.

Sigfred Sivertsen / Statens Vegvesen

– God helse er eit krav for å kunne setje seg bak rattet. No sørgar vi for at dei som ikkje er skikka til å sitje bak rattet blir luka ut, seier han.

– Eg har stor tru på dei nye helsekrava og at vegen blir betre for alle, seier han optimistisk.