Hopp til innhold

Førar stakk av etter å ha køyrt på fleire sauer

Ein sau må avlivast og fire andre dyr er skadde etter at ein bilist har køyrt på dei i Bøyadalen i Sogndal kommune. Føraren har reist frå staden utan å melde frå.

Sau

MÅ BØTE MED LIVET: Denne sauen måtte avlivast etter at den vart påkøyrt i Bøyadalen i ettermiddag.

Foto: Privat

Sauebonde Geir Ove Dvergsdal vart varsla av politiet rundt klokka 17.30 om hendinga. Politiet hadde fått tips frå tilfeldig passerande om at sauene var påkøyrde.

Då Dvergsdal sjølv kom til staden såg han den eine sauen ligge blodig med knekt lårhals medan fire andre stod midt i vegen.

– Den eine sauen måtte avlivast, to lam haltar og har kuttskadar, ein sau ser ikkje heilt pigg ut og ein ser ut som han har kome frå uhellet utan store skadar, fortel Dvergsdal.

– Korleis kan folk gjere slikt?

Øyre

KRAFTIG SAMANSTØYT: Bonde Geir Ove Dvergsdal meiner det må ha vore store krefter i sving når ein sau har mist eit øyre.

Foto: Privat

Då bonden kom til staden låg det eit øyre frå ein av sauene i vegbana.

– Det seier litt om kreftene som har vore i sving i samanstøyten, når ein sau har mist eit øyre. Eg skjønar ikkje korleis folk kan ha samvit til å gjere noko slikt og berre køyre sin veg, seier bonden.

Bonden har 400 sauer som finn seg på fjellbeite, men seks dyr har kome seg gjennom gjerdet og ned på vegen.

Dvergsdal jobbar no med å få sauene heim på garden, for så å få ein veterinær til å kome for å undersøke tilstanden på dei andre sauene og lamma.

Bonden vil melde forholdet til politiet og håpar å finne ut kven som har køyrt på sauene hans.

– Det er den einaste måten eg kan finne ut kven som har køyrt på sauene. Eg håpar nokon har sett noko, fortel bonden.

Ei alvorleg sak

Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, seier det er ei stygg sak.

– Dette er ei hending som i det minste vil føre til kverrsetting av førarkortet, men det vil også vere aktuelt å straffe med bøter. Det er svært alvorleg å reise frå ei slik ulukke medan dyr ligg lidande att, seier han.

Politiet vil følge opp saka når bonden har meldt forholdet og ønskjer tips frå publikum.

– Vi er heilt avhengige av tips frå publikum får å løyse denne saka, seier Gulliksen.