– Draumen er å bere fram mitt eige barn

HØYANGER (NRK): Alex Zimone Jersbu Ek er født kvinne, men har alltid følt seg meir som ein mann. No prøvar han på noko som vil få han til å sjå meir ut som ei kvinne enn nokon gong tidlegare i livet.

Alex Zimone Jersbu Ek

ØNSKJER SEG BARN: Alex Zimone Jersbu Ek er 37 år og seier han har kjent lenge på ønskje om eigne barn.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg kan føde mitt eige barn. Barnet vil ha mine genar og likne på meg, kor flott er ikkje det, seier Alex Zimone Jersbu Ek (37).

Det er lite som minner om ei kvinne ved Ek. Hormona han gjekk på i fem år har gitt han permanent skjeggvekst, men under den mannlege fasaden finns ein kropp som er i stand til å bere fram eit barn.

Men og ein kropp han har prøvd å kamuflere heile livet.

– Eg har alltid følt at eg ikkje passa inn. Når eg presenterte meg som Lotte, var det mange som såg rart på meg, fortel Ek.

Vurderte kjønnsskifte

Gjennom studietida, i militæret og jobben som fengselsbetjent opplevde han stadig nærgåande spørsmål om han var kvinne eller mann, heterofil eller homofil. Til slutt tok han eit val om å vere mann og byrja på testosteron.

Alex Zimone Jersbu Ek

BYTTA NAMN: Ek fekk namnet Lotte Elisabeth då han vart fødd, men bytta namn til Alex Zimone då han var 27 år.

Foto: Privat

– Eg var desperat etter å passe inn. Som mann kunne eg sleppe alle spørsmåla og alt ville bli enklare.

Fram til 1. juli 2016 var norsk lov slik at dei som ville bytte kjønn juridisk, måtte gjennomgå sterilisering eller anna form for behandling.

Skulle det stå i passet til Ek at han var mann, måtte han sterilisere seg. Det kunne han ikkje finne seg i.

– Det kjentest berre heilt urimeleg, at eg skulle blir fråteken moglegheita til å bli gravid fordi eg ville skifte kjønn.

Alex Zimone Jersbu Ek

ROBINSON: I 2016 deltok Ek i realityprogrammet Robinsonekspedisjonen som vart sendt på TV2. Han heldt det hemmeleg for dei andre deltakarane at han var ei kvinne i 11 dagar.

Foto: TV2

Ek er glad for at han aldri gjekk vidare med behandlinga. Sjølv om han har gått på testosteron nokre år, har han framleis moglegheit for å bli gravid.

Klar for nytt forsøk

For om lag eit år sidan starta han behandlinga ved Storkklinikken i København. I desember vart han gravid på første forsøk med prøverøyr, men det varte berre i fem veker.

– Det vart den verste jula nokon gong. Samstundes så veit eg no at eg kan bli gravid. Eg har to befrukta egg som ventar på klinikken i København. No må eg berre få råd til å reise ned att for å prøve på ny.

Gjennom ein innsamlingsaksjon på spleis.no samlar han inn pengar til behandlinga. Han set pris på all støtta han har fått frå sambygdingane i Høyanger.

– Draumen er jo å bere fram sitt eige barn, men eg veit at det ikkje er nokon garanti for noko som helst. Får eg ikkje barn så får eg ikkje det, kanskje eg kan adoptere.

Alex Simone Jersbu Ek

– Eg pleier å seie at eg har skifta kjønnsuttrykk og at eg har eit bein i kvar leir. Eg har jo anatomien til ei jente, men eg har mange mannlege sider, seier Ek.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK