NRK Meny
Normal

Meiner det er for trongt om plassen mot Skåla

Stian Angermund-Vik ynskjer betre plass til konkurranseløparane under Skåla Opp. – Eg snakka med ganske mange som spring i kø, seier han.

Stian Angermund-Vik

TRONGT: Det er ikkje berre dei nær 1848 høgdemeterane konkurranseløparane har å stri med under Skåla Opp. Stian Angermund-Vik (nummer 411) meiner det blir for trongt om plassen på veg mot Skålatårnet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Varegg-utøvaren vart beste norske løpar under helgas 14. utgåve av motbakkeløpet Skåla Opp.

Sjølv om det var god stemning og flott ramme rundt arrangementet, meiner Stian Angermund-Vik at arrangørane har forbetringspotensial.

– Det er dumt at dei ikkje har puljestart. Det er veldig mange som spring fort i starten, men når ein kjem opp i bratta er det dei som går seint og dei som går raskare. Då blir dei springande i kø, seier han.

Over 1600 til toppen

Erik Brendefur

NØGD: Erik Brendefur hos Skåla Opp-arrangørane er nøgd med arrangementet slik det er i dag.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sjølv fullførte han den 8,2 kilometer lange løypa til Skålatårnet på tida 1:09:09. Det var 11 sekund etter sigrande Joseph Gray (USA).

Det var ikkje berre snø og nær 1848 høgdemeterane Angermund-Vik og dei 755 andre konkurranseløparane fekk å stri med i den krevjande løypa. I tillegg stilte 962 deltakarar i mosjonsklassa og tre utøvarar i BMI-klassa. I tillegg til fleire hundre andre turgåarar.

– Mange i trimklassa går i løypa ned att. Eg snakka med mange som måtte stogge opp og gå ut av løypa for å komme forbi folk. Der har arrangørane ein jobb for å utbetre, seier Angermund-Vik.

– Ser fordelen, men ...

Deltakarane vart før løpet og undervegs i løpet oppmoda om å halde til høgre i stien, og å vise omsyn til andre deltakarar. Angermund-Vik meiner arrangørane bør vurdere færre startande eller å ha puljestart.

Skåla Opp 2015

LANG REKKJE: I lang, lang rekkje møter konkurranseløparane mosjonistar både på veg opp og ned frå Skålatårnet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Leiar Eirik Brendefur seier arrangørstaben har vurdert dette før.

– Eg har tidlegare snakka med Stian om dette, og ser fordelen for enkelte. Men vi er veldig nøgde med forma på arrangementet slik det er i dag. Vi ynskjer å lage ein folkefest til fjells, seier han.

Ein flaskehals

Antonella Confortola Wyatt

TRONGT: Antonella Confortola Wyatt jobba seg forbi folkehavet og inn til siger i kvinneklassa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Brendefur vedgår at strekkja frå den 1,8 kilometer lange skogsvegen mot brua er ein flaskehals.

– Men her trur eg dei aller fleste finn sitt tempo. Feltet strekkjer seg veldig fint utover på skogsvegen. Dei som spring fort, er fremst, seier han og meiner det arrangementet slik det er i dag er meir publikumsvennleg.

– Då er det lettare for publikum å sjå kven som leiar, ein kan heie på dei og sekundere og det er også lettare ved målinngang der ein ser kven som er vinnar med det same, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå