Hopp til innhold

For somme er jula uendeleg lang

FØRDE (NRK): Røde Kors ber folk gi av tida si til dei som er åleine i jula.

Torun Lucassen

MANGE EINSAME: – ​​​​​​​Folk må opne huset sitt og invitere folk inn, seier Torunn Lucassen i Røde Kors.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

– Vi nordmenn har lang juleferie. Då er det fint å ha nokon å vere saman med. Viss du er åleine eller einsam kan jula verte uendeleg lang.

Det seier Torunn Lucassen i Røde Kors. Ho synest det er flott at folk gir gåver til dei som ikkje har så mykje. Samtidig skulle ho ønskje at fleire også ville gi av tida si.

Julegåver til born og familiar

Røde kors har ikkje aktivitet i jula, men lokalforeiningane delar ut julegåver til barn. Julegåvene blir sponsa av butikkar og Gjensidigestiftelsen. Det vert og delt ut kasser med julemat.

– Det har kome inn 800 gåver frå heile fylket. Vi ordnar med dei gåvene som skal ut her i Førde kommune, seier Lucassen.

Røde Kors

MØTER: Gjennom Flyktningguiden kan ein bli kjend med folk frå andre kulturar som treng ein ven.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

Mange einsame i jula

Torunn synest det er fint at folk feirar jul og har det fint saman med familien sin. Men ho har eit håp om at fleire kan tenke på dei som ikkje er så kjende i landet og som sit utan familie i juletida.

– Det er mange i fylket som er einsame i jula. Eg skulle ønskje at fleire kunne opne husa sine og gi folk som treng det litt av tida si.

Ho fortel at folk som ønskjer å hjelpe flyktningar til å få betre kontrakt med miljøet og bli betre i norsk kan bli flyktningguide gjennom Røde Kors.

– Ein kan invitere heim einsame ungdommar og einslege som treng å bli kjende med norske familiar. Det er det viktigaste folk kan gjere, seier Lucassen.