Hopp til innhold

For seint med juleopning

Dei tilsette på fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus meiner det er for seint å be dei om å jobbe i jula.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus (arkivbilete)
Foto: NRK

Fødeavdelinga ved sjukehuset skal stengjast 14 dagar kring jul, men ordførarane i Nordfjord vil betale for å halde ope.

Venta i det lengste

Overjordmor Linda Grotle Hauge seier dei venta i det lengste med å planlegge noko i tilfelle noko slikt skulle dukke opp. Men no meiner dei tilsette ved fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus det er for seint å kome med pengar til å drive fødeavdelinga i jula. Mange har alt lagt planar, og då er det ikkje berre å gå på arbeid att utan vidare, seier Grotle Hauge.

-  Det er ein gong slik at når du har fått vite at du ikkje skal på arbeid i ein periode, så legg du sjølvsagt planar for den perioden. No er det fem veker til jul, og det er rett og slett for seint å gjere noko med det.

Fortvilande

Overjordmora opplever det heile som fortvilande.

- Hadde vi fått dette utspelet for ein månad sidan så kunne vi ha klart å få gjort noko med det, men no er det dessverre for seint. Det er veldig fortvilande, for det er faktisk økonomien som er årsaka til stenginga, og så dukkar pengane opp, men ikkje tidsnok. På den andre sida synest eg det er sørgjeleg i eit så rikt land som Noreg at det er kommunane som skal berge sjukehusa. 

Venta ein månad på svar

Men leiar Roger B. Silden i Nordfjordrådet  vil ikkje gi seg. Han bad Helse Førde om informasjon om julestenginga alt den andre oktober. Men sjølv etter purringar tok det ein månad før dei fekk svar.

Då var vaktplanane ferdige. Og sjølv om det ikkje stod noko om pengar i brevet han sende, tykkjer Silden at dei burde fått svar tidlegare.

- Når Helse Førde var klar over at det ville vere eit problem tidsmessig burde dei ha teke tak i dette og gitt oss svar omgåande, for opplysingane sat dei jo på.