Hopp til innhold

For mykje og for dårleg sikra last

Statens vegvesen hadde kontroll med tyngre køyretøy i Førde i går. To bilar hadde for mykje last, fire hadde sikra lasta for dårleg, og ein fekk ikkje køyre vidare på grunn av tekniske manglar. To av bilane mangla og obligatorisk bombrikke.