Tal frå Miljøverndepartementet viser at dei fleste i Sogn og Fjordane som søkjer om det, får bygge mindre enn 100 meter frå sjøen. Totalt vart det innvilga 101 søknader i fjor.
Kommunane, spesielt på kysten, meiner dei må gje folk løyve til å byggje langs strendene dersom folk skal busetje seg der.