Hopp til innhold

Det blir forska for lite rundt brann i Norge, seier sjef for brannlaboratorium

Det blir forska for lite på effektive tiltak mot brann, seier administrerande direktør Paul Halle Zahl Pedersen i Sintef NBL (Norges branntekniske laboratorium) i Trondheim.

Brannvesenet kjempar mot flammane i storbrannen i Lærdal

MANGLAR FORSKING: Det bør forskast meir på store brannar, meiner Paul Halle Zahl Pedersen.

Foto: Jan Erikstad

Det siste statlege initiativet til forsking vart gjort etter etter Scandinavian Star-ulukka, og det var ferdig for 20 år sidan.

Zahl Pedersen seier brannen i Lærdal viser at samfunnet har eit stort behov for tiltak som kan hindre brann.

– Vi veit for lite om korleis store brannar oppstår. Vi veit for lite om korleis vi skal sløkkje store brannar og korleis vi skal avgrense dei. Det er heilt nødvendig å få meir forsking innan brann, det ser vi fleire døme på.

Etter Scandinavian Star-ulukka i 1990 der 159 menneske omkom, løyvde staten 43,5 millioner kroner til forsking på brannførebyggande tiltak. Men etter det har lite skjedd.

"Scandinavian Star"

FØRDE TIL FORSKING: Etter brannen om bord i Scandinavian Star i 1990 vart det løyvd statlege pengar til brannforsking.

Foto: Dalsnes, Tor Arne / SCANPIX

– Viser kor sårbare vi er

Regjeringa har blant anna mål om at brannar ikkje skal lamme kritiske samfunnsfunksjonar, men brannen i Lærdal slo ut både straum og telelinjer i heile kommunen. Under brannen i Gudvangatunnelen smelta naudsambandet vekk så redningsmannskap ikkje fekk koordinere redningsinnsatsen.

– Det viser kor sårbart det norske samfunnet er når slike brannar oppstår, seier Zahl Pedersen.

I fjor betalte forsikringsbransjen ut 4,8 milliardar kroner som følgje av brann. Zahl Pedersen meiner å kunne dokumentere at forsking nyttar.

Hans Røsjordet

- GRUNN TIL URO: Statssekretær Hans J. Røsjorde vil ta innspelet om forsking med seg.

Foto: Larsen / SCANPIX

Forsking førde til fleire tiltak

– Vår røynsle er at brannforsking bidreg til å betre branntryggleiken. Vi har fleire døme på at det, til dømes den stygge ulukka med Scandinavian Star. Då sette styresmaktene inn ressursar. Vi fekk mellom anna strengare krav til materialbruk og faste sløkkjeanlegg i lugarar og publikumsområde.

Helsemessige konsekvensar er det heller ikkje forska på. Til dømes viser amerikansk forsking at 72 prosent av bedrifter som opplever brann går konkurs etter to år. Slik forsking finst ikkje i Norge, seier Zahl Pedersen.

Han seier at på Røros er det gjort mange tiltak for å ta vare på kulturhistoriske verdiar. Men han seier dei ikkje har forska på om tiltaka er dei beste og mest føremålstenlege, særleg ikkje med tanke på ein tilsvarande brann som i Lærdal.

Statsssekretær Hans J. Røsjorde i Justis- og beredskapsdepartementet seier at mangel på forsking gir grunn til uro. Han seier at dei vil ta innspelet med vidare i arbeidet med å styrke branntryggleiken.