Hopp til innhold

For låg straff for rådgjevaren

Økokrim meiner rådgjevaren i Vest-Tank saka har fått for låg dom.

LES ALT OM VEST TANK

  • LES OGSÅ:

Dommen i den mykje omtala Vest-Tank saka fall fredag, og alle dei tre som stod

Forsvarerne til Vest Tank

Forsvararane til Vest Tank

Foto: Ketil Jordan / NRK
Aktoratet i Vest Tank-saken

Aktoratet i Vest Tank-saka

Foto: Ketil Jordan / NRK
Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

Dømd:Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

Vest Tank

Eksplosjonen var stor vårdagen 2007 i Sløvåg i Gulen.

Foto: Kåre Næss
Dagleg leiar i Vest Tank Jostein Berland

Dømd:Dagleg leiar i Vest Tank Jostein Berland

Foto: Steinar Lote / NRK

på tiltalebenken vart dømde. Også rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad frå Fjaler.

- For låg dom

Han vart dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år.Han er dømd for brot på forureiningslova.

- Det er viktig at den som var rådgjevar i prosjektet også vert dømd. Men straffa er noko låg etter vårt syn, seier politiadvokat Tarjei Istad i Økonkrim.

- Bra at dei vert stilt til ansvar

Elles er Økokrim tilfredse med at dei ansvarlege vert stilt til ansvar også i retten.

Dei to hovudmennen vart dømde til fengsel i 1 år og 6 månader. Dommen er vesentleg lågare enn aktor sin påstand om fire års fengsel for dei hovudtiltalte.

- Er det aktuelt å anke dommen?

- Straffa til rådgjevaren er låg etter vårt syn, svarar Istad.

Ankar dommen

Også dei to hovudmennene kjem til å anke dommen seier forsvararane deira. Forsvarara for Karl-Jan Erstad seier dei enno ikjke har bestemt seg for eventuell anke.