Knut Mortensen på Utkant

FESTLEG PÅ FESTIVAL: Knut Mortensen (5) synest festival er noko av det beste i verda. Helst saman med pappa Morten Mortensen.

Foto: Gøril Sætre

For Knut (5) er lukka ein fin festival

UTKANT / SKJERJEHAMN (NRK): Å springe opp stien til statuen av Kong Olav, medan festivalfolket syng og dansar nedanfor er rein og skjær sommarlukke for Knut (5).

– Eg et is og kvar gong eg våknar, så går eg opp ein sti som eg likar å gå. Då kan eg gå opp til statuen her. Av og til når eg er med systera mi. Så gjekk vi opp den stien, då såg vi ein liten salong som aldri har vore der før.

– Ein salong?

– Ja, ein slik benk der vi kan sitje.

Fem år gamle Knut Mortensen frå Florø er ikkje i tvil om at det å reise på Utkantfestivalen i Gulen er noko av det flottaste og beste han kan gjere. Første gongen han var her, var han berre eit halvt år gamal.

– Det hugsar eg ikkje noko av. Men no kan eg høyre litt av musikken, og det er mange folk som dansar. Eg høyrer musikken frå stien, og så kan eg ete is.

Går rundt og kosar seg

Tusenvis av menneske har denne helga søkt festivallukka på den vesle holmen heilt ytst i havgapet i Sogn. Kjende artistar som Bob Geldof, Marit Larsen og Dum Dum Boys spelar så rytmane smell mellom svaberga.

– Det var ei som song som eg likte veldig godt.

– Beth Hart, seier faren, Morten Mortensen.

– Ja, det var gøy å sjå det. Så går eg litt rundt og kosar meg og sklir ned att frå Kong Olav-statuen. Men kvar dei andre ungane har blitt av veit eg ikkje, seier Knut.

Vil gjerne på scena

Storesystera er også med familien til Skjerjehamn denne helga. Ho har funne seg ein ven, fortel Knut.

– Av og til så dansar eg litt der bak statuen, smiler lysluggen.

Så stemmer han i Morten Abel sin kanskje aller største hit, «Tore Tang». Og får applaus frå dei som sit i nærleiken. Men helst vil han stå på scena og vere artist, han også.

– Eg har alt stått på scena då eg var med musikkskulen. Eg likte å stå på scena, og vi øvde masse. Det likte eg og det var ikkje skummelt.

Skulle heidre kongen

Rundt på festivalområdet er stemninga god denne laurdagen i juli. Arrangørane snakkar om ny publikumsrekord igjen, for denne festivalen som første gongen blei halden for sju år sidan.

Den gongen då oppdrettskongen Ola Braanaas fekk reist statuen han hadde kjøpt av Kong Olav. Den som no kneiser på toppen av knausen, og helsar festivalfolket kvart år.

– At det skulle bli slik som no med smekkfull båthamn med over 300 båtar og sydenstemning, er vel nesten ikkje til å tru.

Linn Dyveke Wilberg, pressesjef Utkant

MED FRÅ STARTEN: Linn Dyveke Wilberg er til vanleg gründer heime på Mjømna. Nokre hektiske dagar kvart år er ho pressesjef på Utkantfestivalen.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Det seier pressesjef Linn Dyveke Wilberg. Ho var ein av dei som var med på å skipe festivalen, og klarer ikkje å sjå for seg eit liv utan.

– Eg vaks opp på naboøya, og den gongen var det få bruer og enda vanskelegare å kome seg hit til Skjerjehamn. Å stå her no med 5000 menneske som kosar seg er ganske surrealistisk, slår ho fast.

Campen Utkant 2015

BLAUTT OG GODT: Litt gjørme har aldri skada nokon, heller ikkje på teltcampen på Utkantfestivalen.

Foto: Marit Bendz / NRK

God stemning i myrcampen

Innimellom knausane har dei også fått plass til ein festivalcamp for dei som ikkje er så heldige å kunne ta båten opp til holmen. Litt regn og blaut mold har gjort sitt til at det i grunn kan minne litt om Roskilde – i alle fall gjørma.

Kim Daniel frå Radøy er ein av dei som har lagt seg til på campen, og synest i grunn at livet er greitt på festival.

– Eg kom jo hit for det sosiale, men det er jo ein veldig bra og koseleg festival. Men eg har jo i grunn betalt 2000 kroner for å sove i ei myr her oppe. Men eg har no øl.