Er for gammal til å få støtte frå Innovasjon Norge

Då 67-åringen Eva Richter frå Florø søkte Innovasjon om støtte til å skape nye arbeidsplassar, fekk ho beskjed om at ho er for gammal.

Etter 40 år i arbeidslivet, fleire leiarstillingar, vil Florø-kvinna Eva Richter skapa nye arbeidsplassar.
Men då 67-åringen søkte Innovasjon Norge om støtte, fekk ho beskjed om at ho var for gammal.

For gammal for gründerstøtte

Ho har passert 67 år. Men ho er fast bestemt på at arbeidslivet ikkje skal vere over.

– Nei, alvorleg talt. Eg har både energi og lyst til å gå i gang med andre ting. For no har eg moglegheita til å gjere nett det, seier gründeren Richter.

Men det er ikkje gjort i ei handvending å lykkast som gründer når ein har nådd pensjonsalder. Iallfall ikkje når ein ønskjer pengestøtte.

Kjenner ikkje på alder

«Din alder tilseier at du er i avslutninga av di yrkesaktive karriere. Vår vurdering er at du gjennom eit langt yrkesaktivt liv har tileigna deg kompetanse og innsikt som gjer at offentleg finansiering denne gongen ikkje er utløysande for at du eventuelt startar opp den planlagde aktiviteten.»

Dette svaret fekk Richter frå Innovasjon Norge då ho søkte om stønad til å starte ei eiga bedrift.

– Det følest ikkje noko særleg. Eg kjenner ikkje på alder, eg. Alder er berre eit tal for meg, seier Richter.

Har fleire leiarstillingar bak seg

Ho har 40 år i arbeidslivet bak seg, fleire av dei i leiarstillingar. Både NSB, Fylkesbaatane og Airlift er nokre av stadene ho har jobba.

– Eg har også vore rådmann på Sørlandet. Det var ei stor utfordring, seier Richter.

No ønskjer ho med sitt nye selskap å skape arbeidsplassar.

– Eg skal levere leiarutvikling og organisasjonsutvikling, utvikling innanfor det feltet der, seier Richter.

Men her inne hos staten sine gründerhjelparar, er 67 år i eldste laget.

Må prioriterer blant mange

– Når alderen er høg og ein har eit langt yrkesaktivt liv bak seg, så er det ikkje alltid vi kan prioritere dei som då ønskjer å starte si eiga verksemd, seier direktør ved Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

Men han forstår at Richter er skuffa sidan det i avslaget er synt til alderen hennar.

– Ja, eg kan godt forstå det. Alle som søkjer her hjå oss blir skuffa når dei får eit avslag. Vi må prioritere blant mange søkjarar, og då blir det der vi kan representere ein meirverdi og litt ekstra. Det er ofte hjå dei som er litt yngre, seier Flatland.

Richter har ikkje gitt opp håpet om eiga bedrift, trass i avslaget.

– Eg har nokon mål og nokon draumar. Dei har eg tenkt å gjennomføre. Verkeleg, seier Richter.