Hopp til innhold

For gamal til å køyre drosje

Mange yrkessjåførar blir tvinga til å slutte å arbeide når dei fyller 70 år, fordi lova ikkje tillet at dei held fram.

72 år gamle John Hagen frå Bryggja vil gjerne fortsette å køyre drosje, men styresmaktene meiner han er for gamal. - Eg synest det er reint ut tullete, seier han.

 

- Rett og slett frustrerande

Hagen har køyrt drosje i nesten femti år, og det vil han gjerne halde fram med. Men i norsk lov er det ei øvre aldersgrense på 70 år for å drive yrkestransport med passasjerar. Hagen har søkt Politidirektoratet om dispensasjon, men har fått avslag.

 - Det verste er å gå og sjå at det er mange ting vi kunne ha gjort ei teneste på, og som gjerne ikkje blir gjort, fordi eg ikkje får lov til å køyre. På slike plassar som her er det mykje som skjer på eing gong, og då må vi ha sjåfører. Nei, det er frustrerande, rett og slett frustrerande.

- Viktig å kunne fungere

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet har tatt saka opp med justisminsiteren. Starheim meiner lova hindrar eldre som vil vere yrkesaktive.

 - Det er tilfredsstillande for dei det gjeld ut frå at dei meiner dei er i fysisi god stand til å fortsette eit yrkesliv, og det synest eg er viktig for at dei skal ha ei kjensle av at dei framleis kan fungere i eit yrke og eit samfunn. 

 - Omsyn til passasjerane

 

Knut Storberget
Foto: NRK

I eit svar til Starheim skriv justisminister Knut Storberget at han ikkje vil kommentere den konkrete saka, men grunngjev lova med omsynet til passasjerane sin tryggleik og auka fare for sjukdom ved høg alder. Men skal vi tru John Hagen er det ingenting å seie på helsa.

- Den er veldig bra. Eg har helseattest og alt i orden, seier han.

Og spørsmålet om det framleis skal vere ei øvre grense på 70 år er no til utgreiing i Samferdsledepartementet.

Høgre og Frp med framlegg

 

Øyvind Halleraker
Foto: Knut Falch / Scanpix

Høyre og FrP kjem no med eit felles dok8-forslag. Vi er lei av å vente på ny yrkestransportforskrift, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker frå Høgre.

- Dette er særnorske regler som kan verke konkurransevridande. Vi må ha ei konkret vurdering av kvart enkelt tilfelle. Dessuten er dei fleste 70-åringar i dag langt sprekere enn nokon gong. Den forrige regjeringa starta eit arbeid her, og eg hadde venta at arbeidet i departementet for lengst hadde resultert i ei endring.  Dette er eit for inngripande vedtak til å oppretthalde ei så firkanta ordning, seier Halleraker.