NRK Meny
Normal

For første gong på 52 år kvir han seg til jakta

I ein heil mannsalder har jegeren gleda seg til fine haustdagar med geværet på ryggen, men denne hausten skjer det han kallar for slakt av villrein.

Skrantesjuke

FORHASTA AVGJERD: Den røynde jegeren fryktar at avliving av 2200 rein i Nordfjella er ei forhasta og drastisk avgjerd.

Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRK

– Dette er ikkje jakt, men slakting. Det er litt på kanten at vi skal vere med på å utrydde vår eigen stamme, seier Oddmund Einemo.

2200 villrein i fjella mellom Lærdal og Hallingdal må bøte med livet i eit forsøk for å få bukt med skrantesjuka. I dette arbeidet spelar lokale jegerar ei viktig rolle, men dei er uroa for korleis dette skal skje.

– Då vedtaket kom om at alt skal bli utrydda, gjekk lufta ut av oss.

Kvar haust i 52 år har han gledd seg til jakta, men no er kjensla annleis.

– Det er fleire som føler eit press på å ta ut mykje dyr som vi ikkje ville gjort elles. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere. Skal eg berre skyte dyr som eg har løyve til, eller skal eg skyte vidare for å bli med på denne slakta?, seier Einemo.

Masseslakt av 2200 villrein innan 1. mai

Staten går til drastiske steg for å hindre spreiing av den frykta sjukdomen. Då planane for avliving av dyra i Nordfjella vart presentert i dag, viste det seg at målet skal vere nådd innan 1. mai neste år.

– Vi forstår at dette er kontroversielt, men set ein seg inn i korleis sjukdomen er, så er dette nødvending. Dette handlar om framtida til hjortedyra i Noreg. Difor må vi gjere dette, seier Pål Prestrud, som er direktør i Statens naturoppsyn.

Prestrud fortel at det først blir vanleg jakt i området, før dei statlege jegerane også kjem inn.

– Både kvote og jakttid er utvida. Vi er veldig avhengige av motiverte jegerar. Statleg jakt skjer først når den ordinære jakta går mot slutten.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   

2220 AV DESSE MÅ BØTE MED LIVET: 2220 villrein mellom Lærdal og Hallingdal må bøte med livet i frykt for sjukdomen skrantesjuke.

– Ein kan ikkje forvente for mykje av lokale jegerar

Bonden frå Borlaug har jakta i 52 år, og meiner avgjerda er forhasta.

– Det er fleire ting som kan forhindre oss. Ein kan berre ikkje forvente for mykje av lokale jegerar, så dette er på kanten.

Han har heller ikkje trua på at det statlege jaktlaget

– Vi som har vandra i desse fjella veit at ting kan skje og at blant anna vêret kan snu fort. Profesjonelle jegerar er ikkje kjende i området. Då er det nesten er umogleg å ta ut denne stammen innan tidsfristen.

Villrein

EIN HAUST UTANOM DET VANLEGE: I 52 år har Oddmund Einemo gledd seg til jakta om hausten, men denne hausten vert det annleis.

Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser