Hopp til innhold

Hurtigruten var positiv til Stad skipstunnel i brev

For fem år sidan sa Hurtigruten dei var positive til Stad skipstunnel i eit brev. I dag er dei avventande.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

SA JA: For fem år sidan sa Hurtigruten ja til Stad skipsstunnel. I dag vil dei ikkje bestemme seg for om dei skal bruke tunnelen før den står ferdig.

Foto: NORDWEST3D

– Det handlar ikkje om å vere for eller imot, det handlar om å på dette tidspunktet bestemme seg for om ein skal bruke dei eller ikkje, seier kommunikasjonsrådgiver i Hurtigruten, Stein Lillebo.

Var positive i brev

Dag og tid har dei siste vekene skrive om at Stad skipstunnel har brukt Hurtigruten i sin kampanje utan løyve, og at Hurtigruten ikkje vil meine noko om prosjektet.

Men i eit brev datert 24.09.2010 frå Hurtigruten til Kystverket, som NRK har fått tilgang til, er Hurtigruten svært positive til Stad skipstunnel. I brevet svarar selskapet på fem konkrete spørsmål frå Kystverket knytt til skipstunnelen.

I brevet står det blant anna at «Hovedutfordringa er å kunne gje leverandører/kunder/passasjerer ein risikofri kvalitetsmessig god transport langs strekninga uansett vêr og vind – dette kan berre gjerast ved ein tunnel igjennom Stadlandet».

Trur Hurtigruten vil bruke tunnelen

I dag vil Hurtigruten ikkje ta stilling til prosjektet.

– Vi er positive til alle tiltak som kan betre sjøtryggleiken langs norskekysten, enten det er for store skip eller mindre fartøy, seier Lillebo.

Prosjektleiar for Stad skipstunnel Randi Paulsen Humborstad har hatt kjennskap til brevet frå Hurtigruten, og meiner det ville vore ein fordel om Hurtigruten hadde støtta prosjektet.

Men Paulsen Humborstad har forståing for at Hurtigruten vil vente på ei avgjerd.

– Dei får ta sine avvegingar. Det er deira sak, vi kan ikkje legge oss bort i det. Men eg trur jo Hurtigruten vil bruke tunnelen når den står ferdig, spesielt viss det er dårleg vêr. Men dei står sjølvsagt fritt til å velje det, seier Humborstad.