Hopp til innhold

Ber om fleire søknader til utsiktsrydding

I år har Sogn og Fjordane fått 9,2 millionar kroner til utsiktsrydding, men så langt er berre litt over to millionar fordelte. No håper fylkesagronomen at det kjem inn fleire søknader.

Utsiktsrydding - før og etter

STRYN FØR OG ETTER: Bileta frå eit tidlegare ryddingsprosjekt viser stor forskjell før og etter at arbeidet er utført.

Foto: PROSJEKT OPNE LANDSKAP VED FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

Liv Astrid Nordheim Kusslid, fylkesagronom

FLEIRE SØKNADER: Fylkesagronomen i Sogn og Fjordane, Liv Astrid Nordheim Kusslid, ber om fleire søknader for å hindre gjengroing.

Gjengroing av vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt har vore eit aukande problem dei siste åra. Sogn og Fjordane har fått tildelt 9,2 millionar kroner som skal brukast til utsiktsrydding i 2017, ein rekordstor pott. Men så langt er under ein fjerdedel av pengane blitt brukt på ulike søknader.

– Vi skulle gjerne fått inn fleire søknader, seier fylkesagronom Liv Astrid Nordheim Kusslid ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ber bøndene søke

Tilskotsordninga «Tilskot til utsiktsrydding i jordbruket sitt kulturlandskap» tok til i august 2016, og den skal medverka til å gje auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap.

For å få støtte er det krav om at arealet vert beita i minimum dei tre første åra etter rydding.

– Vi ønsker oss fleire søknader, og alle med organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søke om tilskot. Det vil seie alt frå bønder, foreiningar, entreprenørar og kommunar, seier Kusslid.

Ho meiner særleg bøndene no bør sjå på dette som eit godt tilbod.

– Ekstra bra er det om fleire bønder ser moglegheita til å rydde opp beiteareal som ligg inntil veg. Dei vil få tilskot til ryddinga, veden kan dei gjerne nytta og dei får seg betre beite. I tillegg vil storsamfunnet få auka utsikt frå veg – mellom anna til landbruket sitt kulturlandskap.

Store forskjellar

Oversikta frå Fylkesmannen viser at det er store forskjellar mellom kommunane.

Frå Stryn har det kome heile ni søknader, medan det til dømes frå Solund, Leikanger, Jølster, Selje, Luster og Balestrand har kome ein søknad kvar.

Marita Lindvik

STORT PROBLEM: Dagleg leiar Marita Lindvik i Visit Nordfjord ønskjer at turistane skal ha god utsikt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, seier dei over lengre tid har vore bevisste på kor stort problem gjengroing kan vere.

– Ein kallar det grøne tunnelar, noko som medfører at turisten ikkje ser. Dei ser ikkje fjorden langs vegen, dei ser ikkje utkikkspunkta. Det at vi får gjennomført fleire prosjekt kjem både turistane til gode, men også lokalbefolkninga, seier Lindvik.