Hopp til innhold

For éin månad sidan stemte alt - no stemmer ingenting

FLORØ (NRK): Hekkløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset frustrerer etter at kroppen har gått frå kjempeform til å ikkje lystre på få veker.

Blei liggande etter fallet

FUNGERER IKKJE: Øyvind Strømmen Kjerpeset gjekk i bakken under 400 meter hekk i Florø laurdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

23-åringen hadde ingen god dag på jobben under Florø Friidrettsfestival. Først snubla han i siste hekk og gjekk i bakken under 400 meter hekk. På 200 meter hekk kom han inn sist i feltet med tida 21.66.

Ungguten fekk store delar av fjorårssesongen øydelagt av skadar, og hadde store ambisjonar om å syne både seg sjølv og andre at han no er på rett veg. Men slik gjekk det ikkje.

– Eg byrja sesongen over forventning. For fire veker sidan var eg i mykje betre form enn eg trudde. Eg byrja å sleppe opp på treninga, og då skal tidene bli betre og betre. Men dei siste to vekene har det berre gått feil veg, seier Kjerpeset.

Spring med handbrekket på

Han er frustrert, for korkje han eller trenaren har noko god forklaring.

– Vi har gjort alt som vi pleier, og kanskje betre. Likevel fungerer ikkje sprinten på 200 meter, seier Kjerpeset.

Han føler at han spring med handbrekket på og ikkje klarar å sleppe ut det steget som han har.

– Eg veit korleis det kjennest å springe så fort som eg har gjort før. Men det kjem ikkje ut. Det er ei merkeleg kjensle, seier Kjerpeset.

I veka som var sprang han ein halv 400 meter hekk, og då fungerte alt som det skulle.

– Den sat. Det er ingen grunn til at eg ikkje skal få synt fram kor god eg har vore på trening i år. Men det er biologi dette her. Eg kan til dømes ha fått eit lite virus, men eg veit ikkje, seier Kjerpeset.

Har nilese treningsdagbøker

Han har brukt mange timar på treningsdagbøkene sine for å sjå om det kan vere noko dei har gjort feil.

– Men det er eit lite mysterium. Vi trudde kanskje det var litt mange konkurransar, så denne veka har vi teke det roleg. Men det fungerer framleis ikkje. No får vi la kroppen få tid til å hente seg inn att, seier Kjerpeset.

Han har planar om å trene roleg og lytte til kroppen. Om fem dagar er det stemne på Bislett. Og der skal han stå på startstreken.

– Det kan skje mykje på fem dagar. Det har det gjort før, seier Kjerpeset.

Han har ikkje tru på at det å ta ein lengre pause er ei løysing.

– Nei, eg må på bana og konkurrere. Så får det losne når det losnar, seier Kjerpeset.