NRK Meny
Normal

23 gonger over 2000 meter på under eitt døgn med pizza og kake på menyen

På under eitt døgn klarte Sondre Kvambekk å seg opp på alle dei 23 2000-meterstoppane i Hurrungane i Jotunheimen. Ein fjellprestasjon heilt på kanten av det moglege.

Sondre Kvambekk

ENDELEG I MÅL: Sondre Kvambekk på toppen av Søre Austabotntind.

Foto: Privat

21. og 22. juli år var målet for Sondre klart. Med fjelljoggesko og lett sekk skulle 2000-metrane i Jotunheimen til pers. Han starta i Helgedalen, der ein startar når ein skal gå til Fanaråken til dømes. Så følgde han den til endes, før han heldt fram til Hjertvasstind, så alle toppane rundt Styggedals- og Skagastølstindane.

– Så kom eg ned att til Tindeklubbshytta, så gjekk eg opp att over Dyrhaugsryggen til Store Midtmaradalstind. Så ned att på Stølsmaradalsbreen, så gjekk på alle Stølsmaradalstindane og Ringstindane. Så bort til Soleibotnryggen og så avslutta eg med Austabotntind, som kanskje er den finaste toppen i heile Hurrungane, fortel Sondre Kvambekk til NRK.

23-åringen frå Asker er til vanleg student i Sogndal, og har eit klart mål om å gjere fjellet til leveveg. Då han var 19 gammal, hadde han vore på alle dei 376 toppan over 2000 meter i Norge- som tidenes yngste.

Heilt sidan han var liten har det å gå på dei høgaste toppane vore eit mål - og også det å ha ha full oversikt over kvar og når han gjekk der.

– Det var ei stor lette å klare å fullføre, sidan dette er noko eg har planlagt lenge. Nett då eg kom i mål så hadde eg ikkje så sterke kjensler. Men det var utroleg kjekt å klare å fullføre, og det er jo ei heilt spesiell kjensle.

Sondre Kvambekk

PRESTASJON: På toppen av Store Dyrhaugstind.

Foto: Privat


Turen gjekk han
for det meste heilt aleine, men han hadde med to gode vener som støtta han undervegs med litt matforsyningar. I tilegg sende han dei SMS undervegs, slik at dei visste at det ikkje hadde skjedd noko med han.

– I tillegg så hjalp dei meg opp på siste toppen som psykisk støtte. Eg rekna med på førehand at kom til å vere ganske så utkøyrd før siste etappen, og då ville det jo vore dumt om eg hadde teke ei dum avgjersle når ein er sliten og skal gå i utsett terreng, fortel tindesamlaren.

Han karakteriserer sjølv turen som litt galematias, og at den ikkje er for kven som helst.

– Men dette er noko eg har mykje erfaring med og kunnskap om. Difor veit eg korleis korleis eg skal gå fram i ekstremt terreng og korleis eg løyser det godt, seier han.

– Korleis blei det med søvnen undervegs?

– Eg hadde tenkt litt på førehand på om eg skulle ta meg ei blund undervegs, eller ikkje. Men eg fann ut at det var like greitt å halde det gåande, både for å spare tid og for å ikkje stivne i beina. Eg hadde ein god halvtimes pause oppe på Dyrhaugstind.

– Korleis blei det då med maten?

– Eg passa heile tida på å ete jamnleg, slik at eg låg på forskot på næringsfronten. Eg tok med skikkeleg gode lefser og heimebaka kake, rett og slett alt som var godt. Eg hadde til og med pizza! Det var nøkkelen til å få apetitten opp i staden for å ha med seg tørre brødskiver med brunost. Mykje betre å ta med seg noko du veit du kjem til å ete uansett.

Vegopning på Bergum i Førde kommune