Hopp til innhold

For denne bukken varer jula heilt til påske

Per Høyheim er vand med å sjå hjort. Mykje hjort. Men aldri så fint pynta som denne.

Julebukk

JULEBUKK: Denne hjorten nektar å gje slepp på jula, og held på julepynten langt ut over 13. dag jul.

Foto: Per Høyheim

– Eg lurte først litt på kva det var. Då eg skjønte det var julelys braut eg ut i latter.

Og Per Høyheim ler framleis når han fortel om det.

På torsdag var han ute for å hogge ved rundt 200 meter frå garden sin i Høyheimsvik i Luster kommune. Og som vanleg krydde det med hjort.

– Det var 34 stykk torsdag. Denne var ein av dei, fortel han til NRK.

Fersk mat trekk hjorten inn

Julebukken og dei andre er ikkje redde for Høyheim.

Kanskje veit dei at det ikkje føregår jakt i området. Men kanskje er det også eit desperat behov for barken på trea han feller, no som snøen avgrensar mattilgangen monaleg.

– Eg legg kvistane i dette området, og dei kjem ganske nær. Fersk mat trekk dei inn, seier Høyheim før han engasjert avbryt sitt eige resonnement:

– Det kjem faktisk ein hjort mot meg akkurat her eg sit no. Han er 40 meter frå meg no!

– Kan vere skummelt

Kvar julelysa kjem frå er uklart, og på Facebook etterlyser Høyheim eigaren: «Er det nokon som manglar julelys i Høyheimsvik eller omland så er dei her», står det å lese saman med biletet av julebukken.

– Han har sannsynlegvis vore nede i eit byggefelt på leit etter mat, og teke med seg julelysa i farten, ler Høyheim.

Midt i humoren eit slikt syn gir, åtvarar han om at lysa kunne vore skumle for bukken.

– Dersom dei hadde sete rundt halsen kunne det vore farleg. Men no sit dei rundt horna. Sannsynlegvis vil han greie å rive lysa av opp mot eit tre, men om ikkje mister han horna om to, tre månadar, og då forsvinn lysa.

Så kanskje varer jula akkurat til påske for bukken i Høyheimsvik.