Hopp til innhold

For 70 år sidan sikra han seg denne livbøya frå eit bomba krigsskip

I dag er det 70 år sidan 23 allierte fly bomba ein tysk konvoi ved Nordfjordeid.

Wartheland

KRIGSMINNE: Bjarne Hellebust sikra seg fleire minne for livet, då han etter bombinga tok seg ut på vinterisen og henta heim ting frå det bomba og senka tyske lasteskipet Wartheland.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

– Eg hugsar den dagen godt, seier Bjarne Hellebust til NRK, 70 år etterpå.

Han var berre 11 år den gongen 20 Mosquito-fly gjekk til åtak på konvoien på tre handelsskip og to eskortefartøy.

  • Lenger nede kan du høyre ei dramatisert radioreportasje frå 40-årsmarkeringa, med samtalar med mange vitne til bombinga.

12. desember 1944

– Det var ein fin ettermiddag. Eg var akkurat kome heim frå skulen, og skulle ha meg litt mat. Så byrja det å smelle. Eg gjekk inn i stova og såg ut vindauget. Då var det full skyting på ein båt som låg midt utpå.

Han var heilt åleine i heimen denne ettermiddagen, og fekk sjå krigen på nært hald.

– Eit lasteskip låg ute på fjorden, og det låg endå ein båt der ute. Dei vart pepra av maskinkanoner frå flya som fauk over. Dei brukte fosforgranatar og sprenggranatar. Det heile var over på ganske kort tid, seier Hellebust.

4000-tonnaren «Wartheland» vart treft og sett på grunn på sandøyrane.

"Wartheland" - krigsvrak på Nordfjordeid

SENKA: ”Wartheland” like etter krigen. Foto frå Sogeskrift for Eid.

– Det såg ikkje så gale ut i byrjinga, men det hadde gått inn og byrja å brenne innvendig. Då hadde dei nok ikkje moglegheit til å sløkke brannen.

Tre tyske soldatar og den norske losen miste livet under åtaket. Hellebust seier mange såg hendinga, men at dei etter kvart fekk beskjed om å søke dekning.

Sikra seg fleire gjenstandar

Då det heile var over, var Hellebust berre ein av mange som nytta den svært kalde vinteren til å sikre seg gjenstandar frå det tyske skipet.

– Eg fekk fatt i rattet, rorindikatoren og ei redningsbøye. Litt sånt småtteri, seier Hellebust og held fram.

– Eg måtte tigge verktøy med faderen på verkstaden. Eg gjekk på isen på fjæresjø, slik at eg fekk skrudd laus rattet. Det kan vere artige ting å ha. Det er trass alt ei stund sidan.

Det var og meir alvorlege ting om bord, fortel Hellebust.

– Det var svovelkis og koparkis. Det var godt at tyskarane ikkje fekk det.

Det tok mange år før vraket vart heilt fjerna. Endå ligg det ting att på botnen av fjorden.

– Eg kan ikkje tenke meg det var noko kjekt å ha vraket liggande. Fiskarane likte det ikkje, nokre fekk nøtene ned i vraket.

Høyr den dramatiserte radioreportasjen reporter Harald Kolseth laga i samband med 40-årsmarkeringa for bombinga her:

Reporter: Harald Kolseth

Reporter: Harald Kolseth

Reporter: Harald Kolseth

Reporter: Harald Kolseth