Hopp til innhold

Følling: – Vi kan ikkje forholde oss til trugsmål

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) kan ikkje seie om partiet hennar går for eit sal av Fjord1, slik fylkesrådmannen tilrår i dag. Men ho er spent på striden om forkjøpsrett.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

REALITETAR: Trugsmål må ikkje avgjere striden om forkjøpsrett, seier fylkesordføraren, som er spent på dokument ho enno ikkje har sett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Per Sævik og Havila eig 41 prosent av Fjord1 og har forkjøpsrett på fylkeskommunen sine 59 prosent. Men fylkeskommunen legg opp til å selje holdingselskapet F1 Holding, og meiner tilsynelatande difor at forkjøpsretten ikkje gjeld.

Sævik har varsla om at Havila vil bruke forkjøpsretten, og at dei vil ta saka til retten og om naudsynt heilt til Høgsterett, dersom fylkeskommunen ikkje gir dei høve til å nytte forkjøpsretten.

– Vi kan ikkje forholde oss til trugsmål, men må forholde oss til realitetane. Det er ein del dokument vi faktisk ikkje har innsyn i, og det blir interessant kva som står i dei, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Spent på dokumenta

Fylkesrådmann Tore Eriksen kom i dag med si innstilling til fylkespolitikarane, der han går for eit gradvis sal av selskapet til Torghatten ASA.

Saka skal handsamast i fylkesutvalet på måndag, og der vil Følling og kollegaane i fylkesutvalet truleg få innsyn i dokument som kan seie meir om striden om forkjøpsretten.

– Det er ei sak vi må vurdere ut frå kva om er realitetane, seier Følling i dag.

Etter fylkesutvalet si handsaming av innstillinga, blir det opp til fylkestinget 23. november å ta den endelege avgjerda om framtida til Fjord1. Tidlegare har dei borgarlege partia stått i spissen blant dei som vil selje, mens raud-grøn side og særleg Arbeidarpartiet har vore skeptiske.

Ap og Sp avgjer

Ap og Sp har klart fleirtal på fylkestinget, og kva desse partia går for vil vere heilt avgjerande for om det blir eit sal. Følling kan i dag ikkje seie kva Sp vil konkludere.

– Vi har ikkje programfesta noko. Vi har vore tydeleg på at vi vil sikre offentleg eigarskap av kraftressursane og naturressursane. Når det gjeld andre selskap er det selskapet sitt beste som blir avgjerande, seier fylkesordføraren.

– Arbeidarpartiet har sagt at vi framleis er villege til ein sterk offentleg eigarskap i Fjord1. Utover det vil eg ikkje kommentere innstillinga, før eg har sett meg meir inn i ho, seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl.

Økonomien og gjelda kan spele inn

Utgreiinga av eit sal av Fjord1 har teke over eit år, og Følling er glad for det, spesielt fordi gode prognosar om store overskot gjer at fylkeskommunen i dag kan få meir for selskapet enn tidlegare.

– Vi ser at det faktisk har vore ein fordel at saka har teke ein del tid. Då får vi gode vurderingar og det har vore viktig for verdien i selskapet, seier ho

Og kor mykje pengar eit sal kan gje ein økonomisk hardt pressa fylkeskommune med høg gjeld, vil spele inn på avgjerda, vedgår Følling.

– Selskapet sitt beste må vere i høgsetet. Men andre element spelar inn, og sjølvsagt betyr økonomien i fylkeskommunen noko, seier ho.