Hopp til innhold

Følling og Reksnes toppar lista

Senterpartiet si liste til fylkestingsvalet 2015 er klar. Øvst på lista står Jenny Følling frå Gaular og Sigurd Reksnes frå Eid.

Følling og Reksnes toppar Sp-lista
Foto: Arne Stubhaug/Sindre Sunde Tveit NRK

Nominasjonsmøtet til Senterpartiet vart halde fredag, og ut ifrå resultata var deltakarane i stor grad samde om prioriteringane på lista.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar frå Gaular, tronar øvst på lista, medan Sigurd Reksnes frå Eid tok plass nummer to. Aleksander Øren Heen, som representerer Senterungdomen og kjem frå Årdal står på tredjeplass. Fylkesleiar i laget, Karen Marie Hjelmeseter frå Sogndal står på fjerdeplass.

Det vart kamp om 6.-plassen. Der ordførar i Gloppen Anders Ryssdal sikra seg plassen med 45 røyster mot Per Kjøllesdal frå Stryn sine 22. Også 8.-plassen var det usemje om. Der trakk Ole Johnny Stubhaug (Førde) fekk flest stemmer med 45, i kamp mot Kjetil Felde (Fjaler) som fekk 12, Gunn Sande (Selje) tre, Erlend Herstad (Senterungdomen/Naustdal) fekk fem røyster, og Helga Irene Ellingsen (Gulen) fekk to.

Dei andre plassane på lista vart samrøystes vedtekne.