Hopp til innhold

Følling og Aasen hadde nabopraten

Jenny Følling har byrja praten med Møre og Romsdal om samanslåing. Men nabofylket i nord vil helst vere aleine.

Jenny Følling og Jon Aasen

NABOPRAT: Fylkesordførarane Jenny Følling og Jon Aasen prata saman om fylkessamanslåing.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Medan fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, har hatt samtaler med Hordaland og Rogaland om ein vestlandsregion, har ho òg byrja samtaler med nabofylket i nord.

I dag møtte ho fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

– Vi har gjort greie for dei prosessane vi har gåande i våre eigne fylke, og vi har diskutert dei randproblematikkane rundt dei kommunane som ligg i dei tilgrensande områdene, seier Følling.

Open dør nordover

Ho vil at Sogn og Fjordane skal gå inn i eit samarbeid som eitt fylke, men om det er nordover eller sørover, veit ho ikkje enno.

Følling er interessert i å vite kva planar Møre og Romsdal har, og held døra open nordover.

– Om Møre og Romsdal ønsker å vere med vidare, er det fint, men dei må finne ut korleis dei vil køyre sin prosess vidare, seier Følling.

Men Møre og Romsdal virkar ikkje interesserte i ein prosess vidare.

Vil vere sjølvstendig

Fylkesordførar for Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) har lenge vore skeptisk til å snakke med andre fylke, men no har han opna samtaler både med Trøndelag og med Sogn og Fjordane.

– Vi er skeptiske til å lage forventingar som ikkje er reelle. Møre og Romsdal ønsker å gå ut av denne regiondedebatten som eit sjølvstendig, eige fylke, seier Aasen.

Han meiner at Møre og Romsdal er store nok til å klare seg sjølve, utifrå dei oppgåvene regjeringa har lagt opp til at eit fylke skal betene.

Uvisst kvar Hornindal havnar

Dersom Aasen står fast på sitt om eit sjølvstendig Møre og Romsdal, er et endå meir uvisst korleis framtida til Hornindal blir.

Kommunen mellom Stryn, Eid og Volda ser ut til å rette seg nordover, men om ein eventuell Hornindal/Volda-kommune blir med Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, eller begge, er framleist uvisst.