Hopp til innhold

Følling med flengande kritikk av «bjørnen på tinget»

– Vi treng stortingsrepresentantar som kjempar vår sak i nasjonsforsamlinga, seier fylkesvaraordføraren Jenny Følling (Sp). Frå talarstolen på fylkestinget kom ho i dag med krass kritikk mot stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Følling med flengande kritikk av Lødemel
Foto: Montasje / NRK

Ho meiner regjeringa sin politikk og manglande innsats frå våre eigne stortingsrepresentantar, og Bjørn Lødemel i sær, må ta mykje av skulda for den vanskelege økonomien fylkeskommunen opplever.

– Den blåblå politikken er alvorleg for Sogn og Fjordane, og det kjem vi til å sjå meir av år for år, etter kvart som politikken byrjar å virke, seier ho.

Bjørn Lødemel, som i dag sat i budsjettforhandlingar på Stortinget, hadde følgjande kommentar til kritikken:

– Det får stå for Jenny Følling si rekning. Ho har sagt liknande ting tidlegare og det har blitt tilbakevist. Likevel fortsett ho på det, seier Bjørn Lødemel.

Krasse ord frå talarstolen

For Følling la ingenting i mellom då ho karakteriserte den sitjande regjeringa sin politikk og konsekvensane den får for distrikta.

– Det har skjedd eit paradigmeskifte med den blå regjeringa, der fordeling betyr meir til dei som har mest, der forenkling betyr avvikling av distriktspolitikken og der robust betyr stort. Det er gjeldande politikk. Der folketal blir vekta opp og avstandar blir vekta ned. Det er grunnlaget for dei svært store tapa som fylkeskommunen vår har fått, sa Følling.

Med slike utfordringar og i eit slikt politisk klima meiner ho vi meir enn nokon gong treng stortingsrepresentantar som kjempar fylket si sak i nasjonsforsamlinga.

– Spørsmålet vårt blir då om vi er tente med ein bjørn på tinget, som sviktar fylket, når han feilinformerer Stortinget om at det var venta at vi skulle få 250 millionar i tapte inntekter i Sogn og Fjordane, sa Følling, med ei lite skjult tilvising til sin politikarkollega frå Hornindal, Bjørn Lødemel.

– Og kva med andre stortingsrepresentantar tru, når vår eigen fortel nokon sånt, heldt ho fram.

Tilbakeviser kritikken

Bjørn Lødemel er svært ueinig i han ikkje jobbar for Sogn og Fjordane sine interesser på Stortinget.

– Det gjer eg kvar einaste dag og det kjem eg til å gjere framover også i desse fire åra. Eg føler meg rimeleg trygg på at når vi skal gjere opp rekneskap etter fire år med Høgre i regjering, så skal vi ha lagt på plass ein politikk som også Sogn og Fjordane er godt tent med.

Han tilbakeviser også den konkrete påstanden om at han har feilinformert Stortinget om at kutta i Fylkeskommunen var som venta.

– Det har vore kjent i mange år at Sogn og Fjordane ville få eit nedtrekk i eit nytt inntektssystem. Mellom anna er det er dokumentert at det har stått i fylkeskommunale papir at fylket vil kunne få eit nedtrekk på 250 millionar kroner, seier han.

Lødemel spelar heller ballen tilbake til Senterpartiet, som han meiner har skubba det nye inntektssystemet framfor seg år etter år, sjølv etter å ha sete med statsråden i kommunaldepartementet og i ei fleirtalsregjering i åtte år.

– Dei har utsett det gong på gong, det gjer at det blir vanskeleg til dømes for Sogn og Fjordane, seier Lødemel

Reagerer på personangrep

Etter det krasse innlegget gjekk fleire representantar på fylkestinget til motangrep mot Jenny Følling sine påstandar. Ein av dei var Frank Willy Djuvik (Frp).

Frank Willy Djuvik

UEINIG: Frank Willy Djuvik meiner Senterpartiet har seg sjølve å takke for det økonomiske uføret fylkeskommunen har hamna i.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Når ein har ei sviktande folketalsutvikling gjennom fleire tiår der Senterpartiet har sete med makta i Sogn og Fjordane, då sit Senterpartiet bort i mot åleine med ansvaret, vel og merke saman med nokre få andre parti, for den utviklinga og det resultatet som det fører til, sa han.

Ole Gunnar Krakhellen (H) tykkjer angrepet mot partikollegaen var direkte ufint.

– Bjørn Lødemel gjer ein fantastisk jobb for Sogn og Fjordane og jobbar på i Høgre og vi ser resultata av det. Viss fylkesvaraordføraren ønskjer å rive ned hans legitimitet frå fylkestinget talarstol, så er det ikkje bra, sa han.