Hopp til innhold

Følling krev handling om oljebasen

– Olje og energiministeren må hindre at Statoil flyttar aktivitet frå Florø til Mongstad, sjølv om det ikkje er i strid med konsesjonsvilkåra, seier Jenny Følling frå Senterpartiet.

Jenny Følling og Saga Fjordbase

NEDBYGGING: Statoil vil byggje ned aktiviteten i Florø. Jenny Følling (Sp) seier det er klare politiske føringar om at Statoil skal gi lokale ringverknader av dei konsesjonane dei har fått.

Foto: Harald M. Valderhaug / Arne Stubhaug / NRK

Følling meiner det er olje- og energiministeren sitt ansvar å fortelje Statoil at flytting uansett er i strid med politiske føringar og intensjonar frå tidlegare regjeringar og storting.

– Her handlar det om at det er klare politiske føringar om at Statoil skal gi lokale ringverknader av dei konsesjonane dei får. Det var grunnlaget for vilkåra og då må regjeringa trakke til og fortelje at vi forventar eit anna samfunnsansvar, seier ho.

– Har ikkje identifisert forhold som krev involvering

Statoil har alt vedteke å flytte aktivitet frå Florø til Mongstad, og frykta er at fleire hundre arbeidsplassar i fylket går tapt. Departementet sitt korte svar kom til NRK på ein e-post:

"Departementet har ikkje identifisert forhold som gjør at Statoils beslutning krever involvering fra myndighetenes side» og «Selskapet har nå besluttet å endre seilingsmønsteret, men det vil fortsatt være betydeleg aktivitet ved alle basene, inklusive Florø».

– Må ta vare på samfunnsansvaret

Dette er nok til at Frank Willy Djuvik frå Frp frikjenner departementet for ytterlegare innsats.

– Om det ikkje krav som er brotne i den lisensen som selskapet har, kan ikkje olje- og energidepartementet gjere noko, seier han.

Følling er totalt usamd i dette og seier at ansvaret på plasserast hos regjeringa og olje- og energiministeren.

– Skal ein tolke alt juridisk, kan det sjå ut til ein ligg dårleg an. Dette er politikk no og då handlar det om eit veldig tydeleg signal om at aktiviteten i Florø skal haldast oppe.

Ho seier det no må vere dialog mellom politisk myndigheiter og Statoil vidare.

– Dei må sjå på korleis samfunnsansvaret som låg i botnen då konsesjonen blei gitt, skal takast ivare, seier ho.