Hopp til innhold

Folland tilbake i Førde-fotballen

Tidlegare Førde-trenar Knut Erik Folland (t.h.) er tilbake i klubben. Han skal i hovudsak jobbe med aldersbestemt fotball, skriv klubben i ei pressemelding. – Vi er glade for at han vil bidra for oss igjen, seier sportsleg leiar Johan Pettersen. Ifølgje fotballklubben har ikkje Folland sitt seks månaders engasjement samanheng med den pågåande prosessen med å finne ny hovudtrenar, som truleg er på plass i midten av desember.

Knut Erik Folland og Johan Pettersen
Foto: Førde Fotball