Hopp til innhold

Ambulansekrav fylte salen

– Det er stor uro blant innbyggjarane, slår aksjonsleiar Erland Fagermoen fast etter kveldens folkemøte for å få tilbake ambulansen i Balestrand.

Innbyggjarane møtte mannsterke opp då folkeaksjonen kalla inn til møte for å få ambulansen tilbake til Balestrand.

SJÅ VIDEO: Nær 270 personar møtte opp til folkemøtet i Balestrand. (Foto/redigering: Elias Engevik)

Arrangørane måtte setje ut kring 100 ekstra stolar for å få plass til dei nær 270 frammøtte til folkemøtet på Kviknes Hotel.

Aksjonsleiar Erland Fagermoen seier responsen var over all forventing, og meiner det viser kor utrygge innbyggjarane kjenner seg etter at ambulansen vart lagt ned.

Ambulansemøte i Balestrand

ETTERLYST: Innbyggjarane krev at Balestrand får sin eigen ambulanse att.

Foto: Elias Engevik

– Det kom fram til dels dramatiske opplevingar, og dårlege opplevingar. Frå flytting av pasientar mellom bilar til at ambulansen ikkje kom. Slikt skaper uro og utryggleik i Balestrand i høve til det vi hadde før, seier han til NRK.no.

Sidan september

Kommunen har vore utan eigen ambulanse sidan september. Skulle nokon bli sjuke eller skadde, kjem ambulansen frå nabokommunen Høyanger. Fylkesmannen har sett på saka, og etter å ha sett svaret frå helseføretaket meiner fylkeslegen at ambulansetenesta er akseptabel.

– Det er slik at responstida for ambulansen vil gå opp. Balestrendingane har allereie mista ambulansen sin og blir betjent frå Høyanger. Vi har vurdert at responstida er innan det som er akseptabelt, konkluderte fylkeslege Per Stensland.

Dette aksepterer ikkje balestrendingane som har skipa ei aksjonsgruppe for å ta opp kampen mot vedtaket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Folkemøte for ambulanse

FOLKSAMT: Det var godt oppmøte til tysdagens folkemøte i Balestrand.

Foto: Elias Engevik

– Vi meiner vedtaket til fylkesmannen byggjer på faktiske feil, statistikk og økonomi frå Helse Førde. Men her er fleire sider, som tryggleik til innbyggjarar som, bør komme fram. Frå statleg hald er det også laga regelverk som seier noko om kva helsetenester folk har rett på, seier Fagermoen.

Lang utrykkingstid

– Ei responstid på 30 minuttar, held i beste fall til den næraste delen av sentrum. Her bur folk andre stadar også. Det er lagt til grunn 1.300 innbyggjarar, men om sommaren er talet oppe i eit par tusen grunna turisme. I tillegg har vi eitt par hundre elevar buande fast her, argumenterer aksjonsleiaren.

– Det er sagt at ein kan nytte helikopter i akuttsituasjonar, men så må ein få køyrt pasientar til helikopteret. I tillegg tek det minst ein halvtime frå Høyanger til Balestrand, og like lang tid i retur. Må ein vidare til Førde, så er det nok ein time. Det blir ei forferdeleg lang reise, held Fagermoen fram og legg til at også legevaktsamarbeidet med Førde er basert på at kommunen har eigen ambulanse.

Måtte vente ein time

Folkemøtet fekk høyre om ei eldre kvinne som vart liggande i ein time og vente på ambulansen etter at ho fall på isen.

Harald Offerdal og Arnstein Menes.

POLITIKARAR: Ordførar Harald Offerdal (t.v.) og varaordførar Arnstein Menes (Sp) støttar kravet frå innbyggjarane.

Foto: Elias Engevik

Ei hending som vart skildra frå Vetlefjorden fortalde også om ein ambulanse som ikkje fann fram før det hadde gått ein time.

– Ei responstid på 30 minuttar, held i beste fall til den næraste delen av sentrum. Her bur folk andre stadar også. Det er lagt til grunn 1.300 innbyggjarar, men om sommaren er talet oppe i eit par tusen grunna turisme. I tillegg har vi eitt par hundre elevar buande fast her, seier han.

Tek kontakt med Helse Førde

Helseføretaket var ikkje invitert til møtet tysdag kveld. Aksjonsleiaren grunngjev dette med dette med at dei først ynskte stadfesting på at innbyggjarane i kommunen støttar opp om aksjonen.

For innbyggjarane i Balestrand meiner dei har ei god sak mot helseføretaket.

– Det neste no er å ta kontakt med Helse Førde og få presentert saka vår. Vi vil vente til den varsla ambulanseplanen er komen, i tilfelle dei har kome på betre tankar, men vi har full støtte til å gå vidare med saka, avsluttar Fagermoen.

Styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde ønskjer ikkje å kommentere den konkrete saka om ambulansesituasjonen i Balestrand. Ambulansane skal først handsamast i styret i helseføretaket.