NRK Meny
Normal

Folket med støtte til Navarsete

Folk i Sogn og Fjordane meiner det er hekesejakt på senterpartileiaren.

Liv Signe Navarsete

VERT VERNA: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete får massiv støtte frå folk i Sogn og Fjordane etter armbandbråket.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Dette er ein ekte hekseprosess mot Liv Signe, meiner Reidar Johnsen frå Kjølsdalen.

Folket har omsut for partileiaren

Navarsete under dåp

Liv Signe Navarsete døyper 'Bergensfjord'.

Foto: Simon Solheim / NRK

Etter at det vart kjent at Senterpartileiar Liv Signe Navarsete fekk ei gåve til 26 000 kroner i gåve då ho var gudmor for ein båt tilbake i 2006, har store deler av medienorge skrive om saka.

Dette har fått folk i Sogn og Fjordane til å reagere. SMS`ane har strøyma inn til NRK Sogn og Fjordane der folk gjev uttrykk for frustrasjon og støtte til Navarsete.

- Godt at soldagen kan starte slik med støtteerklæringar til Liv Signe. Slutt å ta inn desse "uskuldsreine" for å spy ut eder og galle, skriv Magnhild Espedal.

- Snakk om å gjere ein mygg til ein elefant ! Liv Signe har ikkje gjort anna enn det alle andre ville gjort , så slutt med den utidige hetsinga!

SMS til NRK Sogn og Fjordane

- Hetsekampanje

Navarsetes armbånd

Her er armbandet som har ført til krass kritikk av Navarsete

Foto: Odd Helge Brugrand / Scanpix

Og det er tydeleg at Senterpartileiaren vert verna av folk et frå heimfylket.

- Dette er ein utidig hetsekampanje slik at partia i opposisjonen kan vinne terreng. Dei skyr ingen midlar tydlegvis. At ei gudmor får ei dåpsgåve er vel heilt rimeleg, og ingen fortel vel kva gåva er verdt når ein gjev frå seg ei gåve? Liv Signe må få fred no. Ho er ein stor politikar, ein flott representant for fylket og ikkje minst eit godt menneske, seier Jarl Audun Rivedal frå Askvoll.

Liv Fure frå Førde gjev si fulle støtte til Navarsete. Ho meiner partileiaren berre har gjort det alle ville ha gjort.

- No må pressa slutte med hetsinga av henne, seier Fure.

Øydelegg henne

Stoltenberg og Navarsete

Senterpartileiaren har fått støtte frå Jens Stoltenberg i saka.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Anne Marie er heilt samd;

- Media vil øydeleggje ein toppolitikar. Liv Signe fortener armbandet. Heilt greitt!

Ei fillesak, meiner Turid som kallar det heile tull.

Folk er overraska over kor stor saka er blitt, og svært mange meiner det rett og slett minner om ein heksejakt av Navarsete.

- Behald det, Liv Signe. Ei gåve er ei gåve. Skal vi alle seie nei til gåver fordi det er kriminelt å takke ja? Flisespikkeri og misunnelse kallar eg dette som pågår no.Eg er overraska over at NRK Sogn og Fjordane heng seg på kritikken mot Liv Signe frå Oslopressa. Ho er den fremste talskvinna for fylket i rikspolitikken. Gåve til ei gudmor er vanleg, seier Ole Christian Rynning frå Florø.

Liv signe har min fulle tillit. Dette er storm i eit vannglas. Skulle ikkje ho få ei gudmorgåve slik som alle andre som døyper båtar?

Målfrid på SMS til Sogn og Fjordane

- Er alle andre feilfrie?

Rød Ungdom anmelder Navarsete

Rød Ungdom vil at politiet skal etterforske saka, og har meldt Navarsete for korrupsjon.

Foto: P4 Nyhetene/Anne Siri Nørstebø Walker

Kjellaug Hjellum frå Aurland meiner det heile er snakk om misunnelse.

- Her i landet har vi ein sjukdom som heiter misunnelse. Er det nokon medisin mot det? Er alle som skrik høgt feilfrie, spør ho.

- Ja, slike "dåpsgåver" er heilt greitt og også ein tradisjon. Misunnelsen her til lands er mykje verre. Held ein fram slik får vi ikkje nokon til å stille som politikarar etterkvart. Føler at det er ei jakt på politikarar generelt, og det er ei heilt anna skremande sak, meiner Judith Hegrenes.

Ord som fillesak, pinleg, hersing, tull og tøv er ord som går att i tekstmeldingane som har kome inn til NRK Sogn og Fjordane.

Rein mobbing

- Det er pinleg at heile mediebransjen og politikarane tek på veg for 26 000 kroner, meiner ein SMS-brukar.

Anne går langt i å kalle det heile mobbing.

- Dette har teke heilt av. Slik offentleg mobbing er forferdeleg. Ho har lagt seg flat. Er det ikkje lov å gjere ein feil?

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.