Etter ein vår og forsommar prega av skittkasting mellom dei to kommunane, gav Sogndal alt tidleg i juli beskjed om at dei ikkje var interesserte i å halde fram samanslåingsprosessen.
Parodi
Likevel har Nesheim fram til no tvihalde på at folk i Leikanger skulle stemme over samanslåinga den 15. september. Nesheim går ikkje med på at denne saka var på veg inn i parodien, men han forstår at folk har problem med å sjå hensikta med ei avrøysting etter at Sogndal sa nei til samanslåing.
Nesheim har no registrert at folk i kommunen ikkje ønskjer denne avrøystinga, og difor snur han. – Eg har aldri ønskt å presse ei avrøysting på nokon, seier han.
Glad valekspert
Valekspert Knut Henning Grepstad bur sjølv i Leikanger og er no svært glad for at ordføraren og fleirtalet i formannskapet går inn for å avlyse avrøystinga. – Dette ville vorte ei avrøysting om eit ikkjeeksisterande spørsmål, seier Grepstad.
Utan punktum
Nesheim sitt argument for å halde folkerøysting har vore at han vil sette eit endeleg punktum for pratet om samanslåing med Sogndal. Det punktumet får han ikkje sett no. Men han meiner at prosessen no har vist at skal dette spørsmålet koma opp att, må det skje som følgje av eit folkeleg engasjement i Leikanger.