Folkemusikkfestivalen på NRK1

På tordag kl. 22.00 viser NRK1 høgdepunkt frå Førde internasjonale folkemusikkfestival.

Festivalopptoget
Foto: Steinar Lote / NRK

Folkemusikkfestivalen er den største festivalen i Skandinavia for folke- og verdensmusikk, og i år var det særlig musikk frå Brasil som vart trekt fram. NRK si kulturavdeling og programleiar Steinar Ofsdal var sjølvsagt på plass og presenterer sine høgdepunkt frå festivalen.

Festivalen kunne by på 250 artistar frå 21 land, og dermed blir det mykje å velgje i!

Programmet blir og sendt søndag kl 20.30 på NRK2.

Ber Gud om hjelp mot det norske barnevernet
Knut Horvath Maristuen skal passe på at reinen heldt seg på rett side av riksvegen over Hemsedalsfjellet.
I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.