– Det er kjempestas, eg blir så rørt. Det er veldig, veldig hyggeleg og veldig kjekt å bli sett pris på rett og slett. Eg har halde på med dette i så mange år, og det har vore ei så lang reise, så dette er fantastisk flott. Men eg har jo mange å dele prisen med også, seier Bjørkum til NRK.
Fekk ståande applaus
Medlemene i fylkestinget reiste seg i spontan applaus då leiar i nærings- og kulturutvalet, Karen Marie Hjelmeseter (Sp), presenterte vinnaren.
– Det var heilt overveldande med spontan applaus, men det er jo moro. Eg er veldig stolt over det vi har fått til. Eg tenker at eg deler prisen med den fantastiske frivilligstaben vi har og den supre staben eg har på kontoret. Dette er eit lagarbeid og slett ingen einmannsjobb, seier Bjørkum.
– Dette er eit livsverk
Ho innrømmer at arbeidet med folkemusikkfestivalen ikkje alltid har vore ein opptur, og at dei stadig har vore nøydde til å kjempe for å nå ut med musikk og kulturopplevingar som ikkje er så vanlege her i landet.
– Dette er jo på mange måtar eit livsverk for meg dette her. Eg har jobba så mange timar, det har ikkje berre vore ein opptur heile tida. Eg trur vi har hatt ein tydeleg strategi og hatt ein god hovudretning for festivalen med å finne den beste tradisjonsmusikken rundt om i verda. Vi har vore modige og sta, slår den glade prisvinnaren fast.