Færre utstillingar og kortare opningstider ved musea i Sogn og Fjordane er nokre av følgjene av forslaget til statsbudsjett som regjeringa la fram for to veker sidan.
Skrur pengekranen att
Stortinget har vedteke ein femårig opptrappingsplan der norske museum skal få 40 millionar kroner kvart år. I år blei summen redusert til 20 millionar, og regjeringa føreslær i statsbudsjettet å skru pengekranen endå hardare att neste år. Fire millionar kroner, ein tidel av det stortinget har vedteke, blir sett av til opptrappingsplanen for musea.
Smertegrensa er nådd
Det kokar difor i distrikta. Direktør ved Sunnfjord museum, Gunnhild Systad, støttar museumsopprøret som er på gang. Dei fire kulturhistoriske musea i Sogn og Fjordane har ikkje fått ei einste krone frå opptrappingsplanen. Smertegrensa er difor òg nådd ved Nordfjord folkemuseum, seier direktør Aslaug Nesje Bjørlo.
- Kunnskapsløyse
Museumsforbundet skal møta kulturkomiteen på måndag. No håpar direktør ved Sunnfjord museum, Gunnhild Systad, at stortingspolitikarane tek med dei sterke reaksjonane frå museumsnorge. For regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vitnar om kunnskapsløyse, hevdar Systad.
Tek signala alvorleg
NRK har ikkje fått kontakt med leiaren i kulturkomiteen på Stortinget, Sonja Irene Sjøli. Men til Nationen seier høgrepolitikaren at ho tek signala frå museumsdirektørane alvorleg, men legg til at det er for tidleg å seia kva regjeringa kan gjera med dette no før budsjettforhandlingane tek til.