Folkemøte om utrydding av rein

Måndag arrangerer Norges Miljøvernforbund eit folkemøte i Lærdal der nedslaktinga av villreinstammen i Nordfjella er tema. Grunneigar i Nordfjella, Oddmund Einemo (bilde), seier til Sogn Avis at mange grunneigarar er frustrerte over måten utryddinga blir gjort på. Han er kritisk til at det blir jakta på dyra like etter den ordinære jakta. Mattilsynet har halde fast ved at dei må ta grep for å hindre spreiing av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke.

Oddmund Einemo
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK