Hopp til innhold

Ny E39 forbi Førde: Ein tunnel i kvar køyreretning med to køyrefiler kvar

Å snakka om fleire køyrefiler i same retning i ein tunnel er ikkje daglegdags i Sogn og Fjordane. Men slik blir tunnelane i Førdepakken dersom den blir realisert.

Olve Grotle

INFORMERTE: Olve Grotle informerte om planane, og fungerte som ordstyrar på folkemøtet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Om lag 180 personar var til stades då det vart halde folkemøte i Førde om Førdepakken/E39 måndag kveld.

Til stades var både politikarar, toppane i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane og andre interesserte.

Statens vegvesen har hatt 14 ulike alternativ for ny E39 forbi Førde. Dei silte fort vekk ti, slik at det vart att fir.

Den nye E39 forbi Førde kan bli ein veg utanom det vanlege i Sogn og Fjordane.

Det blir 12,5 meter brei veg, og i tunnelane blir det eitt løp i kvar retning og to filer i kvart løp. Prislappen på veg forbi Førde er på mellom 3,9 og 6,4 milliardar kroner, alt etter kva løysing som blir valt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

BRULAND: Slik ynskjer Statens vegvesen å legge E39 forbi Bruland.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Statens vegvesen tilrår alternativ tre: Myra-Brulandsberget-Viegjerdet og vidare i tunnel til Moskog, noko som har ein prislapp på 3,9 til 5,5 milliardar kroner.

Heile planprosessen for ny E39 har kosta 14 millionar kroner so langt.

Førde-ordførar Olve Grotle var godt nøgd med oppmøtet og tilbakemeldingane dei fekk på møtet.

– Det var mange gode og positive tilbakemeldingar, og me fekk ein del spørsmål også, og det er nett slik prosessen skal vera.

– Om E39: det verkar høgt opp og langt fram?

– Me kan gjere ein ting; det er å planleggje ein ny E39, og det skal me gjere, og so er det opp til Stortinget og Regjering å bestemme kor tid me får pengar til prosjektet. Men me må stå på, og det skal me gjera, seier Grotle.

Statens vegvesen på folkemøte om Førdepakken / E39 forbi Førde

STATENS VEGVESEN VAR PÅ PLASS: Vegvesenet stilte sterkt på møtet, med blant andre Nils Magne Slinde (kvitt i midten), Vigdis Lobenz (lyseblått), Ingar Hals (nr. 2 frå venstre).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK