Hopp til innhold

Folkemøte om asylmottak i Høyanger

Måndag kveld blir det folkemøte i Høyanger, i samband med at Norsk Mottaksdrift as skal etablere asylmottak i kommunen.

Folkemøte om asylmottak i Høyanger.

SJÅ DIREKTE: Følg folkemøtet i Høyanger direkte her frå klokka 18.00 måndag.

– Vi tenker då å fortelje litt om kva eit asylmottak er, og kva det inneber for ein kommune å få eit asylmottak. Det seier Per Erik Lykstad, som er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift.

– Så er tanken fortelje litt konkret om mottaket som kjem i Høyanger, og presentere dei tilsette.

I samband med etablering av Høyanger statleg mottak, inviterer Norsk Mottaksdrift as til informasjonsmøte på Høyanger samfunnshus måndag 13. oktober 2014 kl. 18.00.

Representantar for UDI og Høyanger kommune vil òg delta.

Då mottaksplanane vart presentert tidlegare i år, reagerte ordførar Petter Sortland på at dette var noko kommunen fekk tredd nedover hovudet over natta.

– Vi var kritiske til at det skjer så fort, og eg ser no at fleire politiske parti har reagert på det same, og saka blir jo og teken opp i spørjetimen i Stortinget.

I Norsk Mottaksdrift as forstår Lykstad reaksjonane.

– Det er klart eg gjer. Dette er jo noko heilt nytt, etter som eg forstår så har ikkje Høyanger hatt asylmottak tidlegare. Så håpar eg jo at møtet måndag kveld skal klargjere ein del moment.

Robek-kommune

– Mange har stilt spørsmål ved timinga for oppretting av eit asylmottak i Høyanger , med tanke på at Høyanger er ein Robek-kommune, som langt på veg har nok med eigne utfordringar, seier Sortland.

Per Erik Lykstad

SKAL ORIENTERE: Per Erik Lykstad, dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift as

Foto: Privat

Akkurat det meiner Lykstad at verken ordføraren eller innbyggarane treng å uroe seg for.

– Vi har mottak i fleire Robek-kommunar, og desse kommunane melder tilbake til oss at mottaket ikkje har noko negativ innverknad på kommuneøkonomien.

– Slik eg ser så burde dette vere noko positivt, fordi det skapar fleire arbeidsplassar i kommunen, og bebuarane legg igjen mange millionar i butikkane i lokalsamfunna.

Brettar opp ermene

– No, har vi sagt frå om det vi reagerte på, så no blir det å brette opp ermene og gjere det beste ut av situasjonen. Der trur eg at eg har innbyggarane i Høyanger med meg, seier Sortland.

– Eg håpar møtet i morgon vil gi oss fakta informasjon. Norsk Mottaksdrift as har mykje meir erfaring enn oss på dette med å drive mottak.

Petter Sortland

HÅPAR PÅ KLARGJERING: Ordførar i Høyanger Petter Sortland (A)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Uavhengig av møtet har Høyanger kommune på eige initiativ tatt kontakt med kommunar som har erfaring med mottaksdrift.

– Vi har allereie avtalt møte med Årdal kommune, vi vil og ta kontakt med Bremanger kommune, og rett og slett sende leiargruppa vår på studietur.

Om ein månads tid kjem dei første av opp mot 150 asylsøkarar til Høyanger.

– Vi har vel ikkje alt klart i dag, men vi har som målsetting at når dei første kjem så skal vi vere klare.