Hopp til innhold

– Å kjenne på redsel i etterkant er heilt normalt

– Her er eit psykososialt kriseteam i kommunen. Folk må gjerne ta kontakt, seier sokneprest Silje Sørebø.

Silje Sørebø er prest i Jølster

STÅR SAMAN: – Det er godt å sjå at folk ønskjer å gjere ein innsats og vil vere der for kvarandre, seier Silje Sørebø, sokneprest i Jølster. Ho seier Jølster er prega av sorg og uro etter ras og flaum.

Foto: Bård Siem / NRK

Om lag hundre personar møtte opp til folkemøtet på Vassenden ungdomsskule måndag kveld i samband med dei store rasa sist veke. Ein person i 50-åra er framleis sakna. Fleire av dei frammøtte uttrykte uro for fleire ras.

– Vanskeleg å førestille seg

Silje Sørebø er prest i Jølster. Ho var til stades under folkemøtet, der det mellom anna vart diskutert korleis ein skal handtere frykta som mange kjenner på.

– Eg tenkjer at å kjenne på redsel i etterkant er heilt normalt. Det vil nok ta litt tid før desse kjenslene vil roe seg, seier ho.

Ho seier at innbyggjarane i Jølster har vore gjennom mykje den siste veka, og det er difor forståeleg at mange kjenner på uro.

Årsetbakkane i Jølster

RAS: Fleire ytrar bekymring for at det vil gå fleire ras og vil ikkje flytte heim att. Her frå raset i Årsetbakkane i Jølster.

Foto: Anders Henning Sægrov / PRIVAT

– Eg stod ikkje midt opp i dette, men det er vanskeleg å førestille seg korleis det var for dei som opplevde rasa på nært hald og for dei som måtte flukte frå heimane sine.

Kriseteam i Jølster

Framleis held søket fram etter den sakna mannen i 50-åra som vart teken av ras. Sørebø fortel at dette også er med å prege bygda.

– Det er klart at dette også er ekstra krevjande for bygdesamfunnet. Sorga er der, og bygda er prega av det, seier ho.

Ho seier at dersom nokon kjenner ekstra på uro og frykt så finst det hjelp å få.

– Her er eit psykososialt kriseteam i kommunen, der både eg, helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar og folk frå politi og Nav er tilgjengelege for å hjelpe.

– Folk må gjerne ta kontakt dersom ein kjenner eit behov for det, legg ho til.

– Ikkje større fare for ras

Ein representant frå NVE orienterte under folkemøtet.

– Etter våre vurderingar har ikkje folk grunn til å uroe seg for liknande type ras i dei områda der det gjekk ras i førre veke, seier Aart Verhage, seksjonssjef i NVE.

Aart Verhage - Seksjonssjef i NVE

TRYGT: Det er ikkje større fare for ras no enn tidlegare i Jølster, seier Aart Verhage i NVE.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjølv om det igjen skulle bli store nedbørsmengder, er det ikkje større fare for nye ras enn det var tidlegare, hevdar Verhage.

– Vi jobbar med ein del tiltak i elvar og elles i området for å gjere det trygt med tanke på nye nedbørsmengder.

Verhage seier at dei tømmer elvar for masse på dei punkta som NVE har vurdert som kritiske. Dette arbeidet starta torsdag førre veke, og vil halde fram ei tid framover.

Seksjonssjefen ytrar forståing ovanfor dei som framleis kjenner på ei frykt for at det skal kome fleire ras, men han meiner at folk trygt kan flytte heim att til husa sine.

– For utan dei husa vi har sagt at folk ikkje kan opphalde seg i, meiner vi det ikkje er skredfare som er større no enn før hendinga, avsluttar han.