Hopp til innhold

Folkehøgskule droppar utanlandsturar med fly

Nordfjord folkehøgskule kutter ut alt av internasjonale flyreiser. No blir det tog, buss eller sjøvegen for elevane.

Nordfjord

SLUTT PÅ FLY: Elevane på folkehøgskulen i Gloppen kommune skal heller bruke sjøvegen.

Foto: Nordfjord folkehøgskule

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Elevane må ikkje fly til Afrika eller Asia for at året på folkehøgskule skal bli eit bra år, seier rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø.

Eksotiske reisemål har ofte vore viktige i valet av folkehøgskule. Ungdomar let seg lokke av turar til stadar som Jordan, Cuba eller Australia, men flyturen over blir av nokre sett på som ein av klimaverstingane.

Frå neste år droppar folkehøgskulen på Sandane utlandsturar med fly for å ta meir vare på naturen.

– Vi vil bidra til at våre elevar lærer om klima og miljø, så difor vil vi tenke alternativt, seier Tennebø.

Elevane skal likevel på turar til utlandet, men då skal dei nytte buss, tog eller ta sjøvegen.

– Dette er ei endring ein verkeleg må ville. Det er mykje enklare og billegare å kjøpe ein flybillett, men ved å reise langsamt får vi eit betre fellesskap og ein får sett meir, meiner Tennebø.

Folkehøgskoleforbundet har allereie oppmoda skulane til å redusere turtilbodet.

Gir applaus

Ei som gir ein solid applaus til flykuttet er fylkesleiar for Natur og ungdom i Sogn og Fjordane.

– Eg håper verkeleg at fleire skular vil gjere det same, seier Frida Leknes.

Ho meiner dette vil gjere Nordfjord folkehøgskule meir attraktiv når unge som skal velje mellom skular.

– Skulen vil tene på det, og så vil det samstundes by på fleire opplevingar for elevane. Når du tar tog eller buss, så vil du stoppe og sjå deg om på fleire stadar, meiner Leknes.

Nordfjord folkehøgskule

STRAND I NORDFJORD: Det blir surfetur til Hoddevik på Stadlandet, heller enn til Bali.

Foto: NORDFJORD FOLKEHØGSKULE

– Vi må jo fylle skulen

Eit opphald på folkehøgskule blir stadig meir populært, og i år er det kring 7000 elevar på skulane i Noreg.

No vil folkehøgskulen på Sandane tilby eit nytt folkehøgskuleår utan internasjonale flyreiser.

– Vi er først ute av dei kristne folkehøgskulane til å ta dette steget. Friluftslivet i nærområdet gir oss eit fortrinn, men vi må jo fylle skulen på nytt til neste år òg, seier rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø.

For framtidige elevar blir det ikkje ein tur til Bali, men ein tur til Shetland for fulle segl på skuta Statsraad Lehmkuhl.

Når skulen skal lokke til seg nye elevar framover, så er rektoren usikker på om flystopp vil ha nokon effekt.

– Det er vanskeleg å spå. Dei mest populære linjene er ofte dei som har mykje reising. Vi er spente på responsen, men trur at dette er eit viktig verdival for klimaet, seier Tennebø.

Rektor ved Nordfjord Folkehøgskule Hildegunn Gjesdal Tennebø

MILJØVAL: Rektor ved Nordfjord folkehøgskule, Hildegunn Gjesdal Tennebø, vil at skulen og elevane skal gjere sitt for miljøet.

Foto: Silje Guddal