Hopp til innhold

Folkefest i Sogndal

Før jubelkampen hadde sogndalsupportarane stor tru på at det gjekk vegen.

Sogndalopprykk

Sogndal sparde ikkje på fyrverkeriet etter opprykkskampen.

Foto: Tor Yttri

- Me har så lyst på dette. Elisterien er noko heilt anna enn adeccoligaen. Me må berre opp, seier svoren sogndalssupportar Andreas Hodlekve.

- Måla kjem snart

Sogndal

Harald Aabrekk på gullstol etter bragden

Foto: Tor Yttri

Etter seks år i 1.divisjon var det eit opprykkshungrig heimepublikum som venta spent på kampen mot Fredrikstad. Klokka seks var det avspark, og to svært nervepirrande timar venta. Sogndal starta friskt, men fall nedpå midt uti fyrste omgang.

Fredrikstad hadde både stolpeskot og var millimeter frå leiing då Sogndalsforsvaret redda ein corner på strek. Likevel hadde Leif Lunde tru på siger i pausen.

- Måla kjem snart.

- Men Fredrikstad har vel hatt dei største sjansane?

- I alle tilfelle har Sogndal hatt mest banespel. Siste trekket manglar, men det vil koma.

- Kven som skårar då?

- Eg håpar på han Tommy i dag.

- Gratulerer!

Sogndalsopprykk

Full fest i sogndalsgarderoben etter kampen

Foto: Tor Yttri

Og han fekk så rett så rett. Eit kvarter uti andre omgang dreg Per Egil Flo av to mann og dunkar ballen i nettet frå spissen av 16-meteren. For supportar Andreas Hodlekve var den siste halvtimen svært nervepirrande.

- Eg hapår på det. Inderleg. Det må gå i dag

Og det gjekk, for etter 68 minutt la Tommy Øren på til 2-0 for Sogndal.No kunne ingenting øydeleggja festen.

I staden for å leggja seg bakpå og sikra sigeren, spelte Sogndal festfotball dei siste 20 minuttane. Det kunne ha vorte både 3-0 og 4-0, men tomålssiger var meir enn nok så Leif Lunde kunne sleppa jubelen laus etter kampslutt.

- For Sogndal og heile regionen gjev dette eit kjempeløft. Heia Sogndal! Gratulerer!