Hopp til innhold

Veteranar trakk folk i tusental

– Vi kunne ikkje ha håpa på nokre betre. Særlig i dag har det vore heilt fantastisk, seier Fjordsteam-general Sander Ødelien.

Fleire tusen menneske har laurdag vore samla til folkefest i Florø-gatene. Byen som fram til søndag er vertskap for veteranbåtfestivalen Fjordsteam hadde nemleg meir å by på enn berre båtar.

Laurdag køyrde nær 140 veteranbilar i parade gjennom byen. Det trakk folk...

Heile Strandgata var tettpakka

– Eg har ikkje noko tal, men enkelte meiner det har vore meir folk enn under sildeborde. Fleire har sagt at dei ikkje kan hugse å ha sett så mykje folk i Florø. Heile Strandgata var tettpaka, seier Ødelien.

Veteranbilane kom både frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord – og ikkje minst frå Bergen. Heile 30 veteranbilar hadde funne vegen frå Hordaland til Florø. Og for mange vart oppvisinga der gamle brannbilar var i aksjon under ei realistisk øving på rådhuset i Strandgata eit høgdepunkt.

– Tradisjonelt har det ikkje vore så mange møtestader mellom veteranbåtfolket og veteranbilfolket. Men det er jo kultur begge deler, meiner Ødelien som sjølv er kjend som både båt- og bilsamlar.

Populære dampbåtar

Heilt sidan torsdag har byen vore fylt med yrande liv, revy, livemusikk og over 50 veteranbåtar på hamna med alt frå gamle fjorddamparar til redningsskøyter og småbåtar.

– Interessa har vore større enn venta, med flott liv på kveldane. Folk har vandra rundt langs kaiane, fortel Ødelien som er ansvarleg for arrangementet saman med dei andre eldsjelene i Atløys venner. Med seg på laget som medarrangør har dei Stavenes.

Mannskapsfest

Når NRK snakka med Fjordsteam-sjefen laurdag ettermiddag var mange av veteranbåtane ute på tur i området rundt Florø. Med seg om bord hadde dei passasjerar som ønskte å få ta del i minnene frå ei svunnen tid.

– Særleg dampbåtane er populære, fortel Ødelien.

Laurdag kveld blir det mannskapsfest for båtfolket i Flora samfunnshus, men Ødelien ventar seg yrande folkeliv i Florø sentrum også laurdag kveld.

Utover søndagen klappar båtane frå kai etter tur og forlet Florø.